• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    09.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6194800
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Badebetjent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Eininga idrett og friluftsliv er ei engasjert og inkluderande eining med eit stort potensiale for utvikling. Vi består av leiar, 3 på administrasjon ,banemeister og 5 badevakter. 

Vi har ansvar for:

  • utleige av kommunale idrettsanlegg inne og drift av idrettsanlegg ute
  • offentleg bading
  • samarbeid med lag og organisasjonar innafor idrett og friluftsliv
  • sakshandsaming av spelemidlar for idrett, forvaltning av motorferdsel i utmark og oppfølging knytt til verna område og tre naturreservat.
  • statleg sikra friluftsområde, drift av dagsturhyttene og toppturparkering og oppfølging av friluftslivprosjekt.
Vi har ledig vikariat:
  • Badevakt, 15 % vikariat frå 01.09.2025 - 30.06.2026

Arbeidsstad er Førdehuset og arbeidstid er helg og mogeleg noko kveld.

Arbeidsoppgåver:
  • svare for tryggleik i symjehallen
  • vere kjentmann og vert for badegjestane
  • utføre tilsyn og lett reinhald i symjehall, garderobar og badstu
  • selje billettar og anna
Krav til søkar: 
  • gode symjeferdigheiter
  • må bestå livredningsprøve
  • godkjent politiattest av ny dato
  • god norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • grunna tilsyn med garderobar og at kvart team består av ein mann og ei kvinne, må den som vert tilsett vere kvinne
Vi søker deg som: 
  • er fleksibel, ryddig og tek ansvar
  • er initiativrik, løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
  • er raus, inkluderande og ynskjer å bidra i kollegiet med godt humør
  • er serviceinnstilt og løysingsorientert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

Velkomen som søkar!

Du må søke elektronisk.

Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet i søknaden.

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    09.06.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6194800
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune