Ledig stilling

Sunnfjord kommune

Barnehagelærar, Fagarbeidar/assistent og tilkallingsvikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ytre Hafstad barnehage er plassert i eit roleg område med lett tilkomst til naturen. Skogen ligg ein kort spasertur unna, og leikeplassane i nærområdet blir ofte nytta som turmål. Flatene skule er like ved barnehagen, og det er kort veg til sentrum og kulturtilboda som er der. Barnehagen har fire avdelingar. Ei småbarnsavdeling, to aldersblanda avdelingar og ei førskuleavdeling. I personalgruppa har vi kvinner og menn, og vi har tilsette frå ulike aldersgrupper. Vi har barnehagelærarar, fagarbeidarar, assistentar og tilsette med spesialpedagogisk vidareutdanning. Barnehagen har fokus på språk, sosial kompetanse og inkluderande miljø.

Vi har ledig stilling som: 

  • Barnehagelærar i 100 % mellombels stilling fom 21.04.-14.08.2025, ev med høve for forlenging
  • Fagarbeidar/assistent i 100 % mellombels stilling fom 21.04.-14.08.2025, ev med høve for forlenging
  • Tilkallingsvikar 

 Søkarar på stilling som barnehagelærar må ha:

  • utdanning som barnehagelærar
  • evne til å planlegge og gjennomføre pedagogisk arbeid, og å arbeide målretta
  • gode evner til å nytte digitale verktøy

For alle stillingane legg vi vekt på at søkar:

  • har gode evner til å skape relasjonar med barn og vaksne, og å syne omsorg
  • har gode evner til å rettleie og leie enkeltbarn og barnegrupper
  • kan arbeide sjølvstendig, og samstundes ha gode evner til samarbeid
  • bidreg til å finne løysingar og skape utvikling
  • beherskar norsk, munnleg og skriftleg 

Barnehagen kan tilby deg:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
  • å bli del av eit team med sterk kultur for fagleg utvikling og læring
  • tettleiing og oppfølging
  • kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Du må legge fram politiattest før oppstart i stillinga. 

Du søker elektronisk, velkommen som søkar!