Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
27.05.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6191787Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Den spanande jobben som rektor på Flekke skule er no ledig
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som rektor på Flekke skule frå 1. august 2025. Vår noverande rektor skal gå av med AFP frå hausten og vi ventar no på deg som vil leie oss og elevane våre i kvardagen. På Flekke skule møter du tilsette som har elevane i fokus. I tilsettgruppa er det god spreiing i alder, kjønnsfordeling og vi er alle innstilt på å ta godt i mot den nye rektoren vår.
I rektorstillinga vil du vere ein del av leiargruppa til kommunalsjef for oppvekst. Det vert lagt vekt på at leiargruppa kan nytte kvarandre til støtte i leiarjobben. Du vil få rettleiing i personal- og driftsoppgåver og mogelegheit for fagleg utvikling i form av etterutdanning og/eller vidareutdanning.
Flekke skule er ein barneskule med omlag 40 elevar. Skulen ligg i vakre omgjevnader med akkurat passe avstand til alt, både til kommunesenteret Dale og til Førde. I skulebygget ligg også barnehage. Samarbeidet med barnehagen er godt og for barnehageborna skapar dette tryggleik i overgangen til skule.
Elevane våre kjenner vi godt. Dei vert sett- og møtt kvar dag av trygge-, kjende vaksne.
Du vil få overordna- og totalansvar for dagleg drift av skulen med leiing av personale, fagleg pedagogisk overordna ansvar for elevane sin trivsel og læring samt administrativt/økonomisk ansvar. Noko undervisning kan og påreknast.
For å fylle rektorrolla må du ha pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå. Du må også vere stø i pedagogisk kunnskap om elevane sitt læringsmiljø, profesjonsfellesskap og samarbeid. Du må ha kunnskap om- og erfaring frå arbeid i grunnskulen.
Det er også ønskjeleg at du har kunnskap og erfaring med styring og administrasjon, utvikling og endring, samt kunne syne tryggleik i leiarrolla.
Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga. Den vi ser etter er tydeleg, har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og er handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil.
Særskilde krav
Krav om politiattest, jfr. Opplæringslova §10-9. Attesten skal synast før oppstart i stilling. Du må også kunne råde over norsk språk, både munnleg og skriftleg.
Vi løner etter gjeldande lov og avtaleverk og vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar. Du vil få tett oppfølging i oppstarten av stillinga.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
27.05.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6191787Se her for andre jobber fra Fjaler kommune