Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
10.07.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6037, EIDSNES
SULA
Antall stillinger
1karriere-kode
6655691Se her for andre jobber fra Sula kommune
Sula kommune
Driftstilskot for fysioterapeut
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sula kommune har ledig eit 100% driftstilskot for fysioterapeut, frå og med 01.sep.2026. Avtalen er ein solopraksis lokalisert på Sunde, og blir lyst ut med same lokalisering, jmf ASA 4313 pkt 11
Fysioterapitenesta i kommunen er organisert under Helsetenesta saman med Rehabiliteringstenesta, Legetenesta, Kvardagsrehabilitering og Friskliv og Meistring. Kommunen har i dag 5 driftstilskot, fordelt med 3 på ytre og 2 på indre.
For å møte framtida sine utfordringar er tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid og samhandling viktige faktorar. Tenesteyterane i kommunen skal saman bidra til å styrke innbyggjarane sin kvardagsmeistring og hjelp til sjølvhjelp. Kommunen søkjer derfor etter ein fysioterapeut som er meistringsorientert og som legg fokus på aktive tiltak over for pasientane.
Kommunen har fokus på samarbeid, "Vilje til å lykkast saman", og vil derfor sjå positivt på samarbeid med evt andre institutt i kommunen.
Kvalifikasjoner:
- Norsk offentleg godkjend fysioterapeut.
- God kunnskap i norsk språk skriftlig og munnleg.
- Erfaring frå drift av privat praksis
- Fagleg kompetanse som supplerer den eksisterande kompetansen kan bli vektlagt
- Har fokus på ein aktiv og heilskapleg tilnærming til pasientar
- Oppdatert på relevant kunnskap. gjerne innan aktiv rehabilitering
- Førarkort klasse B. og må disponere bil.
- Politiattest
Personlige egenskaper:
- Evner til å motivere og formidle.
- Er sjølvstendig, tar ansvar og har gode samarbeidsevner
- Utadvendt og skaper gode relasjoner
- God til å lytte og sjå heile menneske.
- Vilje til å lykkast saman
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr:
For driftsavtalen gjeld vilkår etter avtale mellom KS og NFF, ASA 4313-Rammeavtale mellom KS og NFF,
NMF OG PFF om drift av privat fysioterapivirksomhet. Praksisen skal drivast i henhold til helse- og omsorgtjenestelova, forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar og anna relevant helselovgivning.
Søkarar gjerast merksam på at opplysningar om dei kan bli offentleggjort, sjølv om søkarane ber om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste (Offentleglova §25).
Vi ber om at søknaden blir sendt elektronisk via webcruiter.
Bedrift
Sula kommuneSøknadsfrist
10.07.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6037, EIDSNES
SULA
Antall stillinger
1karriere-kode
6655691Se her for andre jobber fra Sula kommune
-
Privatpraktiserende fysioterapeut – 60 % driftstilskudd
Namsos kommune
Namsos -
Fysioterapeut med driftstilskudd
Larvik kommune
SVARSTAD -
100% avtalehjemmel, psykomotorisk fysioterapi, ved Markeveien fysioterapi
Bergen kommune
BERGEN -
Helsefagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
Skogsvåg -
100 % avtalehjemmel fysioterapeut innen psykomotorisk fysioterapi
Haugesund kommune
HAUGESUND