Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
22.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6646654Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Er du vår nye barne- og ungdomsarbeidar/ miljørettleiar?
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om skulen:
Fjell ungdomsskule er ein interessant og utfordrande arbeidsstad som er i stadig utvikling. Skulen er ein MOT-skule og har om lag 520 elevar og 70 tilsette. Dei tilsette har høg fagleg kompetanse og tilpassa opplæring skal gje elevane høve til fagleg og personleg utvikling i eit miljø der alle tek ansvar for fellesskapet. Vi er i spanande prosessar med planlegging av nytt skulebygg som skal stå ferdig hausten 2028.
Vanlege arbeidsoppgåver er varierte og inkluderer:- Tilrettelegging for leik og aktivitetar:
Planlegge og gjennomføre ulike aktivitetar som fremjar leik, læring og sosial utvikling.
- Støtte og rettleiing:
Vere ein trygg vaksenperson som gir støtte og rettleiing til enkeltborn og grupper.
- Sosial utvikling:
Leggje til rette for at born og unge opplever eit positivt fellesskap og lærer å samhandle med andre.
- Leik og læring:
Delta aktiv i leik, og leggje til rette for læring gjennom ulike aktivitetar som drama, musikk, forming og friluftsliv.
- Dagleg stell og omsorg:
Hjelpe til med praktiske gjeremål som stell, påkledning og mat.
- Samarbeid med føresette og kollegaer:
Halde god kontakt med foreldre og samarbeida tett med andre tilsette for å sikra ungdommen sitt beste.
- Tilrettelegging for ungdom med særlege behov:
Tilpassa aktivitetar og tilnærmingar til unge med ulike behov og føresetningar.
- Dokumentasjon og evaluering:
Vurdera og dokumentera borna si utvikling og framgong.
- UFO
Hjelpa til i skulefritidsordninga for ungdom.
Anna:Stillinga er 100 % med 11 % trekk grunna at arbeidstida følgjer skuleruta.
Kvalifikasjonar:Må ha:- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller høgskuleutdanning som kvalifiserer som miljørettleiar
- Erfaring frå arbeid med elevgruppa
Personlege eigenskapar:
- Vi søkjer deg som er løysingsfokusert, omsorgsfull og initiativrik
- Du er ein trygg vaksen som likar å jobba med ungdom
- Du er påliteleg, ansvarsbevisst og har godt humør
- Du er omgjengeleg og ein god kollega
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
- God arbeidskapasitet
- Robust
- Fleksibel
- Gode evner til å byggja relasjonar til ungdom, føresette og kollegaer
- God evne til å løysa komplekse utfordringar
- Evne til å jobbe effektivt, strukturert og systematisk
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Bente Lervik Kleppe
bente.lervik@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
22.06.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6646654Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
RONG -
Fagarbeidar 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Fagarbeidar 2 *50% fast stilling i SFO
Øygarden kommune
Skogsvåg -
1-2 ledige stillingar, inntil 50% vikariat i SFO/ferie-SFO
Øygarden kommune
STRAUME -
23% fast stilling helgestilling
Øygarden kommune
Skogsvåg