Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
04.05.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6173165Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Helsesjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du gjera ein forskjell i kvardagen til barn og unge?
Me i Sogndal kommune søkjer etter to engasjerte helsesjukepleiarar!
Helsestasjonen er ein del av sektor oppvekst og består av fleire deltenester. Me tilbyr både helsestasjonsteneste, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom. I tillegg arbeider me med minoritetshelse og smittevern.
Hjå oss jobbar det flest helsesjukepleiarar, men me har òg fagfolk som barnekoordinator og psykolog i teamet. Me er samlokaliserte med jordmortenesta og fysioterapi- og ergoterapitenesta. I tillegg samarbeider me tett med andre tenester – både internt og eksternt – for å gi barn, unge og deira familiar heilskapleg og nødvendig støtte.
Ledige stillingar
100 % vikariat frå 01.06.2025 til 20.03.2026
100 % vikariat frå 01.07.2025 til 20.06.2026
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene følgjer dei nasjonalfaglege retningslinjene for helsefremjande og førebygjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste
Tverrfagleg samarbeid og teamarbeid
Arbeidsoppgåver og arbeidsstad vert avtala ut frå kvalifikasjon og drift
Kven er du?
Fortrinnsvis utdanna helsesjukepleiar, eller sjukepleiar under utdanning
Sjukepleiarar oppmodast også til å søkje, og kan tilsetjast ved fråvær av kvalifiserte søkjarar
Du kommuniserer godt – både med barn, unge og kollegaer
Du er fagleg trygg, strukturert, fleksibel og samarbeidsvillig
Du trivst i eit variert arbeidsmiljø og brenn for førebyggjande arbeid
Me tilbyr
Variert og meiningsfull arbeidskvardag
Godt fagmiljø og tett samarbeid med andre tenester
- Kollegarettleiing
Dagarbeid, fleksitid og leasingbil
Gode velferds-, forsikrings- og pensjonsordningar
Reiseverksemd må påreknast. Søkjar må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta. Du må beherske norsk munnleg og skriftleg.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
04.05.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6173165Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Fagarbeidar/assistent
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Barnehagelærar og pedagogisk leiar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vil du vere med å bidra til at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Ferievikar - Heimetenestene - Sogndal
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Tilkallingsvikar
Sogndal kommune
Balestrand