Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
01.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6646690Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
ISM internrevisor - vi ser etter fleire nøkkelpersonar til vårt ISM-revisorteam
Ferger
Er du ein erfaren offiser som ønskjer ei fagleg utviklande rolle ved sidan av arbeidet ditt? Som ISM internrevisor får du ei sentral rolle i sikkerheitsarbeidet i Fjord1 – og anledning til å påverke kvardagen til kollegaer på tvers av flåten. Dette er ei unik rolle der du får lære meir, dele erfaring og bidra til kontinuerleg forbetring.
Er du ein person med god kapasitet? Vi søker no tre interne kandidatar til rolla som ISM internrevisor. Stillinga er deltidsbasert og kjem i tillegg til di ordinære stilling.
Som internrevisor blir du ein del av eit fagmiljø som jobbar tett med HMS-avdelinga. Du planlegg og gjennomfører revisjonar i tråd med ISM-koden, og bidreg til at vi held ein høg standard innan sikker og effektiv drift. Arbeidet aukar din kunnskap om Fjord1 og styrkar forståinga for samhandling på tvers.
Du vil reise til ulike fartøy og møte kollegaer i heile organisasjonen. Dette gir deg anledning til å bygge nettverk, lære av andre og bli kjend med drift og praksis i ulike delar av flåten. Samtidig får du utvikle deg innan revisjonsarbeid, kvalitet og forbetringsprosessar. Stillinga er ikkje tilknytta noko kontorlokasjon, men samhandling med vår HMSK og berekraftsavdeling, vil vere naturleg i opplæring og utføring av oppgåvene.
Rolla inneber sjølvstendig arbeid, men du er også del av eit team som deler erfaringar og støttar kvarandre. Du får ei rolle som har direkte betydning for tryggleiken om bord – både for mannskap og drift.
Vi startar arbeidet med rekrutteringa fortløpande, så ikkje nøl med å ta kontakt!
Kvalifikasjoner:
- Dekks- eller maskinoffiser (t.d. skipsførar, styrmann eller maskinsjef) (hvilken benevnelse skal vi bruke, Øyvind og Bjørn Arne??)
- Relevant maritim bakgrunn og god forståing for ISM-koden
- Erfaring frå revisjonsarbeid, kvalitet/HMS eller operativ drift er ein fordel
- God systemforståing og evne til å jobbe strukturert
- Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og objektivt
Personlige egenskaper:
- Nøyaktig og analytisk
- Samarbeidsorientert og profesjonell
- Tydeleg og tillitsskapande i møte med andre
- Engasjert i sikkerheit og forbetringsarbeid
- Strukturert og leverer innan fristar
Vi tilbyr:
- Ei fagleg utviklande rolle med stor betydning for sikkerheitsarbeidet
- Moglegheit til å påverke tryggleiken på eigen og andre sin arbeidsplass
- Internrevisorkurs og god opplæring i rolla
- Eit fagmiljø med fokus på samarbeid og erfaringsdeling
- Lønn etter avtale per revisjon
- Eigen avtale ved sidan av ordinær arbeidsavtale (ca. 10 % stilling)
- Tilgang til eigen PC og nødvendige verktøy
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
01.08.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6905, FLORØ
KINN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6646690Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
-
Hardanger og Voss museum søkjer avdelingsleiar til Kunsthuset Kabuso
Stiftinga Hardanger og Voss museum AS
UTNE -
Open søknad – Bli ein del av Fjord1
Fjord1 ASA
FLORØ -
Maskinoffiser - Open Søknad
Fjord1 ASA
FLORØ -
Navigatørar - Open Søknad
Fjord1 ASA
FLORØ -
Salgsmedarbeidar Catering- Open Søknad
Fjord1 ASA
FLORØ