Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.05.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6187175Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Kulturskulerektor 100% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med å forme ein kulturskule for framtida i Øygarden kommune?
Øygarden kommune er ein vekstkommune med nær 40000 innbyggarar som har som visjon å vere eit fyrtårn i vest.
Kulturskulen gir opplæring innan kunst- og kulturfag som er tilpassa ulike aldersgrupper. Målet er å bidra til å bygge born og unges estetiske, sosiale og kulturelle kompetanse og evne til kritisk refleksjon og sjølvstendige val. Kulturskulen skal ivareta både bredde og talent, og ha et variert tilbod. Her kan born og unge prøve seg fram og fordjupe seg i det dei har interesse for. Det er også ein stad å møte venner og ta del i eit fellesskap. Kulturskulen er heimla i Opplæringslova §26 og Barnekonvensjonen artikkel 31 og følger Rammeplanen for Kulturskolen, Kulturskole for alle.
Vi søkjer ein dyktig og utviklingsorientert leiar med gjennomføringsevne for kulturskulen i kommunen.
Kulturskulerektor er ein del av leiargruppa til kultursjefen og rapporterer til den. Kulturskulerektor har det øvste ansvaret for kulturskulen i kommunen. Hovudbase og kontor ligg på Liljevatnet.
Leiingskompasset med verdiane modig, stolt, med glød og på lag gjev retning for korleis vi utøvar leiarskap i kommunen.
Ansvarsområde- strategisk utvikling av kulturskulen
- organisasjons-, fag- og kompetanseutvikling
- dagleg drift og leiing
- budsjett, økonomi- og verksemdstyring
- personalansvar
- kvalitet, helse, miljø og tryggleik
- marknadsføring og kommunikasjon
- ulike arrangement
- samhandling med oppvekstfeltet og kulturlivet i kommunen
- samarbeid med UH-sektoren
- partssamarbeid
- Høg kunstfagleg kompetanse, med minimum 3 års formell kunstfagleg utdanning innan kunst-, teater-, dans- eller musikkfag
- Leiarutdanning, relevant leiarerfaring eller anna realkompetanse
- Minimum 3 års erfaring frå kulturskule
- Gode datakunnskapar
- Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
- Dokumentert kompetanse på leiing av kulturskulens utviklingsarbeid
- Gode leiareigenskapar og samarbeidsevner
- Kreativ, initiativrik og løysningsorientert
- Strukturert og god til å planlegge
- Kan engasjere og motivere
- Snarrådig og har gjennomføringskraft
- Har ei heilskapleg tilnærming og er medviten om kulturskulen sitt samfunnsansvar
- ei utfordrande og spennande stilling
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
Kultursjef Marian Guddal Hansen, telefon 988 53 282.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
18.05.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6187175Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Sjukepleiar 80% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 100% fast
Øygarden kommune
Ågotnes -
Ingeniør veg 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Ledige helgestillingar 18-20 %
Øygarden kommune
Ågotnes -
Vil du vere med å bidra til at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL