• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    06.04.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6570769
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Ledig 3 faste stillingar som Barne- og ungdomsarbeidar / fagarbeidar / assistent i Gol barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon


Gol barnehage, saman med dei tre kommunale barnehagane Breidokk, Herad og Vesterhuset, arbeider kontinuerleg for å utvikle barnehagetilbodet i kommunen. Vi søkjer medarbeidarar som ønskjer å vere aktive deltakarar i læring, utvikling og eit godt fagmiljø.

I januar 2027 opnar ei ny 6 avdelingsbarnehage i Gol. I samband med dette vil kommunen ha behov for fleire dyktige tilsette både i Gol barnehage og i dei tre andre barnehagane. Ved å søkje no kan du bli ein del av eit fagmiljø i vekst og eit spanande utviklingsarbeid

Dine kvalifikasjonar:
▫ Barne- og ungdomsarbeidar eller anna barnehagefagleg utdanning
▫ har relevant erfaring frå barnehage og ynskje om å gjennomføre barnehagefagleg utdanning.
▫ Lære å bruke digitale verktøy som Gol kommune nyttar administrativt for tilsette og i pedagogisk arbeid med barna
▫ Uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.

Forventningar til deg som søkar:
▫ Kreativ og leiken, og ein trygg og tydeleg vaksen
▫ Aktiv og til stades saman med barna, både inne og ute
▫ Evne til å skape gode relasjonar til barn
▫ Kan motivere og inspirere barn, kollegaer og føresette
▫ Opptatt av barn si utvikling, medverknad og leik
▫ Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
▫ Bidreg til eit raust, inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø
▫ Lyttande, tillitsvekkande og ansvarsbevisst
▫ Jobbar sjølvstendig og tek initiativ
▫ Deltar i og medverkar til planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar
▫ Er fleksibel, positiv og løysingsorientert

Vi kan tilby:
▫ Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
▫ Tilsetjing i samsvar med gjeldande lovverk og tariffavtalar
▫ Løn etter utdanning og praksis
▫ Tydeleg stillingsbeskriving
▫ Gratis treningsordning

Anna:
▫ Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevne
▫ Hallingdal har eiga MiB‑gruppe (Menn i barnehage) – menn blir oppmoda til å søkje
▫ Tilfredsstillande politiattest må leggjast fram, jf. barnehagelova
▫ Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju og må ta med kopi av vitnemål og attesta

Send søknad:
▫ Bruk elektronisk søknadsskjema.Godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar først).
▫ Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med til intervju. Ansiennitet blir rekna ut frå desse.
▫ Alle søkjarar får kvittering for motteken søknad dersom rett e‑postadresse er registrert.

Informasjon om barnehagane finn du på nettsida: www.gol.kommune.no

 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    06.04.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6570769
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune