• Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6282476
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune
Ledig stilling

Gol kommune

Leiar for Heimetenesta

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med på å utvikle ein viktig teneste i Gol kommune – og samstundes vere ein del av eit sterkt og støttande leiarteam?

Vi søkjer ein framtidsretta og handlekraftig leiar som brenn for heilskapleg omsorg og ser verdien av rett hjelp til rett tid. Bu trygt heime er ein viktig reform i utviklingsarbeidet vårt.

I takt med at samfunnet endrar seg og fleire får helsehjelp heime, står heimetenesta overfor både spennande moglegheiter og komplekse utfordringar.

No treng vi deg – ein modig og engasjert leiar som ser mennesket bak vedtaket, og som evnar å tenkje nytt, motivere og leie der fag, teknologi og relasjonar går hand i hand. Vil du gjere ein forskjell og leie med både hjartet og hovudet?

Arbeidsoppgåver:

  • Leiing av dedikerte medarbeidarar
  • Fagleg og organisatorisk utvikling av tenesta
  • Ressursstyring, budsjettansvar og arbeid med måloppnåing
  • Aktiv deltaking i digitaliseringsprosessar og satsingar innan velferdsteknologi
  • Samhandling med fastlegar, pårørande, sjukehus og andre tenester i kommune

Kvalifikasjonar:

  • Høgare helsefagleg utdanning, gjerne som sjukepleiar
  • Leiarutdanning eller leiarerfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Vi ynskjer at du:

  • Har erfaring med personalleiing, økonomi/budsjett og driftsoppgåver
  • Har erfaring med utviklings- og omorganiseringsprosessar
  • Har kunnskap om turnusplanlegging

Personlege eigenskapar:
Vi ser etter deg som:

  • Har pågangsmot og god gjennomføringsevne
  • Byggjer relasjonar og inspirerer til samarbeid 
  • Trivst i endring og jobber målretta for utvikling
  • Har strategisk blik og prioriterer med tryggleik

Vi tilbyr:

  • Mange, varierte og spennande arbeidsoppgåver og utfordringar
  • Tett samarbeid i ei god og trygg leiargruppe
  • Gode utviklingsmoglegheiter og rom for fagleg påfyll
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn og tilsetjingsvilkår etter avtale
  • God pensjonsordning
  • Hjelp til å skaffe bustad og ev. barnehageplass

Anna:

  • Gyldig politiattest må leggas fram
  • I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal blir offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden din.

Send søknad:

  • Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
  • Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut ifrå desse.
  • Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom dei har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
 

  • Bedrift
    Gol kommune
  • Søknadsfrist
    17.08.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3550, GOL
    GOL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6282476
  • Se her for andre jobber fra Gol kommune