Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.06.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6215898Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Økonomirådgjevar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du kontroll på tal og greier å sjå heilskapen?
Me søker to medarbeidarar med solid økonomikompetanse som vil vera med å styrke og utvikle kommunen vidare. Du treng ikkje å kunne kommunaløkonomi til fingerspissane, det vil dyktige og engasjerte medarbeidarar hjelpe deg å lære. Kommunen er inne i ei spennande tid, og for å sikre gode tenester over tid, må me ha orden i økonomien. I dette arbeidet vil du få ei sentral rolle og høve til å gjere ein reell forskjell!
Ledige stillingar
100% fast stilling
Eittårig vikariat i 100 %, med mogelegheit for forlenging
Økonomiavdelinga har ulike oppgåver innanfor budsjett, rekneskap, innkjøp og eigedomsskatt. Stillingane vert ein del av team økonomi, med tett samhandling med kommunalsjefane og kommunedirektør.
Arbeidsoppgåver
verksemdstyring og utvikling
finans- og kraftforvaltning
eigedomsskatt
utarbeide årsbudsjett og økonomiplan
økonomisk analyse
digital fakturahandsaming
rapportering
økonomistyring, oppfølging, rettleiing
Kvalifikasjonar
fortrinnsvis høgare utdanning med mastergrad i økonomi eller andre relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning.
gode IKT-kunnskapar
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
fordel med erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk
nyutdanna vert og oppfordra til å søke
Eigenskapar
evne til å arbeide både strategisk og operativt
er nøyaktig og strukturert
har humor og arbeidsglede
du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde
er god til å formidle, forankre og få folk med på laget
har analytiske eigenskapar og er utviklingsorientert
Me tilbyr
eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vere med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
gode pensjons- og forsikringsordningar
gode velferdsordningar
fleksible arbeidstidsordningar
løn etter avtale
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
08.06.2025Bransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Sogndal
SOGNDAL
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6215898Se her for andre jobber fra Sogndal kommune