Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
11.08.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6275466Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Økonomisjef
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du leie arbeidet med å sikre vidare god økonomisk styring av «Noregs best styrte kommune», og samtidig vere ein sentral drivkraft for heile organisasjonen? I denne rolla får du brukt din kompetanse og erfaring innan økonomistyring og finans til å sikre vår moglegheit til vidare vekst og utvikling til beste for innbyggarane.
Som økonomisjef vil du være med på å utvikle kommunen i god dialog og samspel mellom politikk og administrasjon. Økonomisjefen har leiaransvar for til saman 8 kompetente medarbeidarar.
Det er gode moglegheiter for at du kan forme delar av stillinga etter eigne talent og styrke, til beste for heilheita!
Stillinga er administrativt organisert i sektor for organisasjonsutvikling og har utstrekt samarbeid med dei øvre stabsfunksjonane i organisasjonen; serviceeininga og organisasjons og personaleininga.
Kven er vi?
Vi er ein dynamisk og framtidsretta organisasjon som står på for å stadig auke kommunen sin evne til å møte nye krav og måtar å jobbe på. Gjennom innovasjon skapar vi ein framtidsretta kommune.
Kommunestyret har vedtatt at vi skal sette pengar «på bok» til vi kan finansiere vår del av fastlandsforbindelsen. Solide skatteinntekter gir oss ein viss økonomisk fridom som vi skal forvalte med klokskap for seinare generasjonar.
Vi vil fortsette å vere Noregs best styrte kommune!
Norges best styrte kommuner – Kommuneindeksen 2024
Kven er du?
Vi ønsker deg som har evne til å kombinere strategisk tenking med operativ leiing og gjennomføring. Du er nysgjerrig og ein som ser moglegheiter i menneske og teknologi. Du er entusiastisk pådrivar for god innovasjonskultur. Du blir trigga av å lære og å utvikle deg. Og du har eit solid fagleg grunnlag som du ønsker å dele med andre.
Du har relevant høgare utdanning innan økonomi, minimum på bachelornivå. Du må også ha kunnskap og forståing innan finans og kommunerekneskap.
Det er flott om du har bakgrunn frå leiing og frå offentleg sektor men vi er mest opptatt av kva du kan tilføre oss. Du forstår skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon, og har kanskje erfaring med strategiske oppgåver innan økonomistyring og analysearbeid.
Du verdsett gode relasjonar, kommuniserer godt, gjer andre gode og skapar tillit.
Vi legg vekt på at eigenskapane dine passar rolla du vil få.
Det er sjølvsagt at du har god digital kompetanse og kan gjere nytte av dei verktøy som er tilgjengeleg på fagfeltet. Dersom du ikkje kjenner til fagsystemet vårt Visma og Framsikt, vil vi dele kunnskapen vår med deg.
Kva for oppgåver vil du få jobbe med?
Hos oss vil du jobbe både med strategiske og operative oppgåver. Økonomiavdelinga har mellom anna ansvar for overordna økonomi og budsjett i kommunen, rekneskap, eigedomsskatt, rapportering, lønn og juss.
Du vil og jobbe med årsberetning og finansforvaltning. Du vil leie økonomiavdelinga som består av 8 dyktige medarbeidarar.
Det vil også vere noko politisk sakshandsaming.
Kva kan Aukra kommune tilby?
Du får ein utfordrande og spennande arbeidsplass der du får vere med å forme kommunen. Vi som blir kollegaene dine stortrivast her. Vi er eit sterkt og støttande fagmiljø og har tillitsbasert arbeidsmiljø.
Vi tilbyr deg ein strategisk stilling som gir moglegheiter til å bidra til det viktige samfunnsoppdraget. Du vil få ein jobbkvardag med varierte og utfordrande oppgåver og gode moglegheiter for personleg og fagleg vekst.
Medarbeidarar og kollegaer med høg kompetanse gir rom for godt samarbeid og innhaldsrike arbeidsdagar.
I denne stillinga får du ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre blir utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut.
Les meir om pensjonsordninga i KLP her: Pensjonsguiden - KLP.no
Du vil få lønn etter avtale og 10 ekstra fridagar.
Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
SøkarlisteOm du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
SøknadAukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Vil du vite meir?Ta kontakt for ein uformell prat med kommunedirektør Gerd Marit Langøy, tlf. 91571540
Sjå promoteringsfilm for Aukra kommune; Aukra kommune
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
11.08.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6275466Se her for andre jobber fra Aukra kommune
-
Spesialkonsulent
Aukra kommune
AUKRA -
Vil du leie folk og drift i ei framtidsretta maritim verksemd?
Fjord1 ASA
BERGEN -
Vil du vere med på å skape gode møteplassar for barn og unge i Øygarden?
Øygarden kommune
STRAUME -
Fleire stillingar som heimehjelp i heimetenesta
Øygarden kommune
STRAUME -
Einingsleiar
Aukra kommune
AUKRA