Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5959101Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Pedagogisk leiar i Yksnebjør Barnehage 100 % stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Yksnebjør barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01. januar 2025.
Som vår nye kollega blir du ein del av eit positivt arbeidsmiljø og vil få vere med å bidra til ein kjekk og variert kvardag, med ansvar og leik. Yksenbjør barnehage ligg høgt og flott til med eit allsidig uteområde. Vi har flott utsyn over Dalsfjorden og har nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek og sentrum.
Vi ønskjer oss søkjarar som er gode på å bygge relasjonar til barn og deira føresette og som går inn i stillinga med engasjement og initiativ. Høyrest dette ut som deg? I så fall gler vi oss til å få søknaden i frå deg. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga eller vil høyre meir om korleis det er å jobbe i Yksnebjør barnehage.
Som pedagogisk leiar vil du ha arbeidsoppgåver der du brukar din faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å skape ei ramme der barn kjenner seg som ein del av eit fellesskap; ei ramme der barn får utvikle seg og oppleve meistring. Du vil ha ansvar for å rettleie medarbeidarane på avdelinga di og sjå til at barnehagelova og rammeplan vert oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Kvalifikasjonar- Pedagogisk utdanning som barnehagelærar eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå
- Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest
- Har godt samspel med barn og vaksne
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
- Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Givande leik med flotte barn kvar dag
- Ein variert og kjekk kvardag
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
01.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5959101Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Pedagogisk leiar/barnehagelærar - Ylvisåker barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Tilkallingsvikar
Aukra kommune
AUKRA -
Assistent/fagarbeidar - Ylvisåker barnehage
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Barne- og ungdomsarbeidarar / assistentar som ringevikar.
Øygarden kommune
STRAUME