Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
08.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5967112Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar 75% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga:
Heimetenesta i Øygarden kommune er under kommunalsjefområde helse og velferd og er inndelt i tre geografiske avdelingar. Som sjukepleiar i heimetenesta vil ein jobbe tett på brukarane i deira heim og møte dei i ulike livssituasjonar og ulike utfordringar. I heimetenesta jobbar ein strukturert innanfor geografiske avdelingar, i team og aleine. Vi treng deg som er ein kompetent sjukepleiar som kan utføre tildelte oppgåver i brukars heim. Vi ønskjer at du er fagleg dyktig og engasjert i oppgåver som du vil møte.
Det vert no lyst ut 75% fast stilling i heimetenesta. Ved intern tilsetjing kan anna stillingsprosent bli ledig i same tidsrom. Avdelinga nyttar årsturnus.
Arbeidsoppgåver:- Sjukepleiarfaglege oppgåver knytt til pleie, behandling og miljøretta tiltak i brukars heim.
- Primærsjukepleie
- Aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester.
- Ivareta sjukepleiarfagleg ansvar på vakt
- Tverrfagleg samarbeid, samt samarbeid med brukar og pårørande
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling.
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Søkjar må ha gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
- Søkjar må ha førarkort for bil
- Erfaring frå arbeid i heimeteneste er ein fordel
- Kompetent, open, påliteleg og engasjert
- Fleksibel og løysningsorientert
- Gode etiske og faglege haldningar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
- Evne til å være med på å skape eit godt arbeidsmiljø
- Du trivs med å arbeide i ein hektisk arbeidskvardag
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad: Startlån
Ass. Einingsleiar Kate Løland på telefon 56 16 05 02 – mobil 950 71 121
Vi ynskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
08.12.2024Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5967112Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar 80% x 2 fast stilling
Øygarden kommune
STRAUME -
Tilkallingsvikarar i heimetenesta
Øygarden kommune
STRAUME -
Helgestillingar 15% fast
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar / paramedic - Ål legekontor / Hallingdal legevaktsentral
Ål Kommune
ÅL -
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME