Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
31.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5970173Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
Vestnes kommune
Tilkallingsvikar/helgevikar - Aktivisering og meistring
Offentlig forvaltning
Har du lyst på ein jobb med litt alvor og mykje moro? Då kan denne ekstrajobben være noko for deg.
Vi søkjer etter deg som er glad i å være i lag med ulike menneske og som har plettfri politiattest; er student eller har friår, treng ekstrajobb, eller har for mange timar i døgnet du treng å fylle med noko. Kanskje er du til og med autorisert helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, miljøterapaut? Då må du gjerne søke, men dette er ikkje eit krav.
Eining for Aktivisering og meistring yt tenester til personar i ulik alder og funksjonsnivå. Tjenesten ytes i den enkelte sin heim og er individuelt tilrettelagt. Vi treng vikarar til ulike typar vakter/turnusar. Dette gjeld dagtid, kveldar, aktive nattevakter, aktiv/passive nattevakter, langvakter og i døgnbasert turnus, både på kvardagar, helger og i feriar/høgtid.
Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakar sine behov for omsorg, og tilrettelegging av aktivitetar i kvardagen.
- motivasjon og bistand i kvardagen, i heimen, følge til jobb og alle andre aktivitetar tenestemottakar ynskjer å vere med på
- være tilstades saman med bebuarane og sikre god livskvalitet
- utføre arbeid og rutiner, og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk, dagsplaner, miljøreglar og oppfølging av desse
- dokumentere i journalsystem
- legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- du må kunne tilegne deg kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga, særskilt Helse- og omsorgstenestelova kap.9
- det er ønskeleg med kunnskap/erfaring frå arbeid med personar med psykisk utviklingshemming og psykisk helse
- kunne legge til rette for ein aktiv kvardag i og utanfor heimen
- relevant praksis er ein fordel, men ikkje eit krav
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2
- ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- du må være engasjert og ha lyst til å arbeide med menneske
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og saman med andre
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- løn i høve gjeldande avtaleverk
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert fortløpande innkalla til samtale eller intervju.
Referanser
Oppgi referanser.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
31.12.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5970173Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
-
Fritidskontakt/ støttekontakt - Helse og velferd
Øygarden kommune
STRAUME -
Miljøterapeut 100% fast stilling ved bu- og miljøtenesta - Markatunet
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar 30% fast stilling ved bu- og miljøtenesta - Markatunet
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Rettleiar - vikariat
Sula kommune
LANGEVÅG -
Aktivtetskontakt / Støttekontakt
Ål Kommune
ÅL