Bedrift
MattilsynetSøknadsfrist
25.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Direktorater og tilsynsorganUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0454, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5954433Se her for andre jobber fra Mattilsynet
Mattilsynet
Veterinær
Direktorater og tilsynsorgan
Veterinærar i slakteritilsyn gjer ein forskjell både innan dyrevelferd og mattryggleik. Vil du bli med på dette viktige arbeidet?
Mattilsynet er opptatt av å sjå matproduksjonen frå start til slutt, frå jord til bord, det såkalla heilkjedeperspektivet. Tilsyn med slakteri er svært sentralt i denne heilkjedetanken. Det omfattar blant anna tilsyn med dyretransport, dyrevelferd og dyrehelse hos levande dyr på slakteriet, hygieniske forhold under slakting og nedskjæring og vurdering av patologiske endringar på slaktet. Den store bredda i fagområdet gjer at arbeidet er spennande og utfordrande.
Avdeling Sunnhordland og Haugalandet, seksjon slakteritilsyn, mat og planter søkjer etter ein veterinær. Medarbeidarane i seksjonen gjennomfører kjøttkontroll og tilsyn med mattryggleik og dyrevelferd på to landdyrslakteri, kjøttkontroll og tilsyn med mattryggleik ved viltslakteri. I dag består slakteritilsynet av 11 medarbeidare som rullerer mellom anlegga. Landdyrslakteria slaktar storfe, småfe og svin og viltslakteriet slaktar hjortevilt.
Mattilsynet er midt i ein organisasjonsutviklingsprosess med omlegging frå ein regionstruktur til tilsynsdivisjonar. Denne modellen dyrkar i større grad ein brukerretta inndeling, og legg vekt på faglege og ressursmessige synergiar. Ny organisering legg betre til rette for samhandling med interessentar og behovet til brukarane, og bidrar til ein meir strategisk utvikling av den offentlege kontrollen innanfor dei ulike tilsynsområda. Mattilsynet skal ved ny organisering bestå av eit hovudkontor/direktorat og eit operativt tilsyn som vil vere inndelt i fire fagorganiserte divisjonar istadenfor dagens organisering med hovudkontor og fem geografiske regionar. Tilsynsdivisjonane blir igjen delt opp i avdelingar. Den nye organisasjonen skal vere operativ frå 01.mai 2025.
Kvalifikasjoner:
- Du er veterinær og har norsk autorisasjon. Det er ein fordel om du har godkjenning som offentleg veterinær. Opplæring vil bli gitt.
- Erfaring innen tilsynsarbeid og offentleg forvaltning er ein fordel, men ikkje ein forutsetning.
- Du må snakke og skrive flytande norsk.
- Du har førerkort i klasse B.
Personlige egenskaper:
- Motivasjon for å jobbe innen slakteritilsyn og kjøtkontroll
- Du liker å jobbe i ei faggruppe og har gode samarbeidsevnar, men må også kunne jobbe sjølvstendig.
- Du er fleksibel, engasjert og kommuniserer klart og tydeleg.
- Du er løsningsorientert og har evne til å prioritere, samt å følge prioriteringar.
- God forståelse av tilsynsrollen.
- Du kan jobbe effektivt og nøyaktig, samt å handtere ein hektisk arbeidskvardag med ulike arbeidstider.
- Du bidrar til et positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
- Fast stilling som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med løn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida fra kr. 630.000 til kr. 730.000 (ca. ltr. 64 – 72) for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert.
- Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
- Arbeid med eit spanande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Ordna arbeidsforhold med betalt overtid
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, lån- og forsikringsordningar.
Når du sender inn søknad, ber vi om at du legg inn vitnemål og attest som vedlegg.
Bedrift
MattilsynetSøknadsfrist
25.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Direktorater og tilsynsorganUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
0454, OSLO
OSLO
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5954433Se her for andre jobber fra Mattilsynet
-
Tilkallingsvikar
Sogndal kommune
Balestrand -
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Kokk - 50% fast stilling på kjøkkenet ved Askvoll omsorgssenter
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Fagarbeidar/assistent ved Askvoll skule - 50% mellombels stilling
Askvoll kommune
ASKVOLL -
Fagarbeidar/assistent 60% mellombels stilling - Bulandet barnehage
Askvoll kommune
ASKVOLL