• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    04.05.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6168556
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
Vacancy

Ål Kommune

100 % mellombels stilling i Hallinghelse – koordinator for trygg oppvekst Hallingdal – BTI

Offentlig forvaltning

Om stillinga

Som koordinator for Trygg oppvekst Hallingdal har du som hovudoppgåve å sikre god tverrfagleg innsats og førebyggjande arbeid mellom sektorane i kvar kommune, samt å legge til rette for at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Koordinatoren har ansvar for å oppdatere handlingsrettleiarar til å vere i tråd med nasjonale lovar og faglege retningslinjer. Ei viktig oppgåve er også å hjelpe kommunane med dei behov dei har knytt til BTI-modellen.

Stillinga ligg under Hallinghelse, som er det interkommunale helsesamarbeidet for kommunane Hol, Ål, Gol, Hemsedal og Flå. Oppmøtestad er Torpomoen.

 Ansvarsoppgåver:

  • Oppdatere, vedlikehalde og drifte www.tryggoppveksthallingdal.no, og sikre at handlingsrettleiaren, og anna materiell og programvare, er oppdatert med nye lovkrav i m.a. oppvekstreformen.
  • Etablere nettverk mellom deltagande kommunar, og bistå med implementering og drift av BTI-modellen og www.tryggoppveksthallingdal.no.
  • Samhandle med leiarar i både oppvekst- og helsesektoren for å sikre bruken av BTI-modellen, og for å fremje god tverrfagleg innsats og forebyggande arbeid mellom sektorar.
  • Halde kommunane oppdatert på faglege råd og rettleiarar om tverrfagleg innsats og forebyggande arbeid.
  • Utarbeide og vedlikehalde samarbeidsavtaler med samarbeidande instansar.
  • Bistå kommunane med å utarbeide naudsynt planverk, der ansvaret for forebyggande arbeid og tidleg innsats står sentralt.
  • Koordinator vil ha ei styringsgruppe beståande av kommunalsjefane for helse i dei 5 deltakande kommunane, og ha 3 årlege møter med desse.

 Kvalifikasjonar:

  • 3-årig høgskoleutdanning innan helse- og sosialfag, eller lærerutdanning. Annan 3-årig utdanning innanfor helse- og oppvekstfag kan vurderast.
  • Kjennskap til BTI-modellen, og gjerne erfaring frå bruk av denne.
  • God kjennskap til kommunane i Hallingdal og tverrfagleg samarbeid rundt born og unge.
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt.
  • Ha evne til å arbeide sjølvstendig, sette mål og arbeide systematisk for å nå desse.
  • Førerkort klasse B.

 Me kan tilby:

  • Eit spennande og innovativt fagmiljø
  • Ein sjølvstendig arbeidskvardag
  • Lønn inntil 650.000 i 100 % stilling.

 Relevant lovverk:

  • Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 1-1, 3-3
  • Barnevernsloven §§ 1-1, 3-1, 2. ledd
  • Sosialtjenesteloven (lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen) § 1-1
  • Folkehelseloven § 1-1
  • Opplæringsloven
  • Barnehageloven

 Send søknad 

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Velkommen som søkjar.

For spørsmål rundt stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i Hallinghelse, Iselin Haugo Stavn: iselin@hallingdal.no, tlf. 95 44 49 08

Send søknad og politiattest

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytt til stillinga. 

Velkommen som søkjar.

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    04.05.2025
  • Fulltime/Parttime
    Parttime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6168556
  • Look here for other jobs from Ål Kommune