Ledig stilling

Sogndal kommune

100 % vikariat som barnehagelærar i Kjørnes barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bruke fagkunnskapen din i ein barnehage der naturen er tett på, og der friluftsliv, fysisk aktivitet og matglede er ein naturleg del av kvardagen? 

Kjørnes barnehage har no ledig eit 100 % vikariat som barnehagelærar frå 10. august 2026 til 28. mai 2027. Barnehagen ligg flott til i byggefeltet på Kjørnes om lag 4 km utanfor Sogndal sentrum, med gode buss- og sykkelforbindelsar. 

Ein barnehage med naturen som nærmaste nabo
Kjørnes barnehage er ein naturbarnehage med seks avdelingar og eit stort uteområde med skog, fjordutsikt og varierte leike og turområde. Her er det kort veg frå tanke til handling.   

Barna får vere aktive ute gjennom heile året, og me legg vekt på både rørsle, utforsking og gode opplevingar saman. Barnehagen har eige gymrom, klatrevegg, ulendt terreng og ein stor trelavvo som fungerer som uteavdeling for storbarnsavdelingane. I tillegg har me fokus på mat og måltidsaktivitetar der barna får vere med. 

Dette er ei stilling for deg som trivst i ein kvardag der det skjer mykje, og som likar å bruke både kroppen, hovudet og relasjonane dine i møte med barna. 

Kva går jobben ut på? 
Som barnehagelærar h oss skal du vere med og leggje til rette for eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike og læringsmiljø for alle barna. Du får, i samarbeid med pedagogisk leiar på avdelinga, ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet.  

Du skal òg medverke i gode pedagogiske prosessar, bidra til godt samarbeid med føresette, gi rettleiing og tilbakemeldingar til kollegaer og byggje gode relasjonar med barn, føresette og medarbeidarar. 

Kven ser me etter? 
Me ser etter deg som har godkjend barnehagelærarutdanning, eller anna høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse. Det er ein fordel om du har erfaring frå barnehage.  

Du må meistre norsk godt, både skriftleg og munnleg. Me ønskjer òg at du har interesse for, og gjerne erfaring med, friluftsliv og fysisk aktivitet for barn, og at du ser verdien av å involvere barna i mat og måltidsaktivitetar. 

Kva er viktig for oss? 
Me treng ein person som har engasjement for arbeid med barn, som tek initiativ og ansvar, og som møter kvardagen med både varme og driv.

Du må like å samarbeide, vere fysisk aktiv og leiken, og ha evne til å skape gode relasjonar i barnegruppa og i lag 
med føresette og kollegaer. Det betyr også mykje at du held hovudet klart når tempoet er høgt, og at du bidreg med godt humør i kvardagen.
 

Leiken har ein viktig plass hos oss 
Leik er eit prioritert område i Sogndalsbarnehagen. For oss handlar det ikkje om noko som kjem i tillegg.  

Leiken har ein eigenverdi for barna, og leikande barn og leikande vaksne er avgjerande i relasjonsbygging, i det førebyggande arbeidet og i arbeidet med å skape eit trygt og godt barnehagemiljø. 

Dette får du h oss
H Kjørnes barnehage får du ein meiningsfull jobb i ein barnehage med varierte dagar og mykje frisk luft. Du blir del av eit fagmiljø som jobbar tett saman, og du får høve til å bruke naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet.   

Me tilbyr rettleiing for nyutdanna pedagogar og nytilsettsamling for alle nytilsette i barnehage. I tillegg kjem gode pensjons- og forsikringsordningar, gode velferdsordningar og tilsettetrening. 

Viktig å vite 
Det kan bli fleire ledige stillingar enn det som er lyst ut no. Aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden kan difor òg vere aktuelle for andre barnehagestillingar som kjem til seinare i vår eller sommar. 

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing. 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på seks månader. 

I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.