Company
Øygarden kommuneApplication deadline
11.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5935706Look here for other jobs from Øygarden kommune
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
2*100 % fast Miljørettleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kunne du tenkje deg ein variert og spennande arbeidskvardag i møte med barn og unge?Då er du kanskje vår nye og dyktige miljørettleiar
Først litt om oss:
Landro skule ligg på Sotra, i Øygarden kommune, om lag 30 minutt køyring frå Bergen sentrum. Til skulekrinsen høyrer Turøy, Misje, Solsvik, Vindenes, Landro og Angeltveit. Skulen er ein barneskule med om lag 260 elevar fordelt på 14 klassar.
Vi har fokus på å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø med høg grad av trivsel, både for elevar og tilsette. Vi er opptekne av laget rundt eleven, og alle tilsette jobbar som del av eit team.
Våre nye miljørettleiarar vil ha varierte og spennande arbeidsoppgåver, både i skuletid og i skulefritidsordninga. Er du ein av våre nye miljørettleiarar, så er du ein lagspelar som likar varierte oppgåver og utfordringar. Du er god på å byggje relasjonar, er positiv og engasjert. Du vil vera ein god og viktig ressurs i skulemiljøet vårt, både for elevar og tilsette.
Den eine stillinga er mest knytt opp mot våre yngste elevar, og eit forsterka tilbod til dei elevane som treng ekstra støtte og tilrettelegging i kvardagen. Den andre stillinga har litt meir breidde i oppgåvene, og er knytt opp mot ulike alderstrinn.
Landro skule er framtidsretta, og har fokus på å skape ein praktisk og variert skulekvardag for elevane våre. Miljørettleiarane vil jobbe inn mot ulike alternative og praksisretta tilbod. Tilbod som har fokus på sosial trening, praktisk læring, motivasjon og meistring!
Arbeidsoppgåver:- Målretta miljøterapeutisk arbeid med elevar, knytt til ulike sosiale- og emosjonelle vanskar
- Førebyggjande systemarbeid; planlegge og gjennomføre aktivitetar med grupper av elevar, både i skuletid og på skulefritidsordninga
- Praktisk arbeid og aktivitetar med elevar i gardstilbod, interessegrupper, coasteering, fiske- og friluftsliv
- Vere ein trygg vaksen som bidreg til elevane si faglege og sosiale utvikling
- Relevant høgskuleutdanning retta mot barn og unge (til dømes vernepleiar, sosionom, pedagog)
- Relevant erfaring frå arbeid med barn og unge som har behov for heilskapleg tilrettelegging
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og kan bruke digitale verktøy
- Erfaring med ulike diagnosar som ADHD, autisme og psykisk utviklingshemming
- Førarkort klasse B
- Kompetanse innan TEACCH-metodikk og AART-instruktørkurs. Opplæring ved behov
- God kjennskap til førebyggjande arbeid i skulen
- Kan tilpasse seg plan og tiltak som allereie er sett i gang og vere med på å utvikle dette vidare.
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar, samt gode samarbeidsevner og kan samhandle strukturert i team
- Visar omsorg, respekt og er ein trygg og inkluderande vaksen i møte med barn
- Taklar utfordrande situasjonar
- Har interesse for friluftsliv med aktivitetar året rundt (til dømes coasteering, gardstilbod)
- Viser fleksibilitet og er oppteken av å finne løysingar
- Stillinga er ein del av ferietilbodet til skulefritidsordninga (eventuelt 11 % trekk i løn om ein følgjer skuleruta)
- Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Anita Vabø, rektor
E-post: anita.vabo@oygarden.kommune.no
Mobil: 98870780
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
11.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5935706Look here for other jobs from Øygarden kommune