• Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    14.02.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6044797
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
Vacancy

Sunnfjord kommune

Assisterande rektor

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Naustdal skule har om lag 340 elevar frå 1. til 10. trinn, 70 elevar ved SFO og 55 tilsette. Skulen har nye, fine lokale med attraktive uteområde i tilknyting til hall og idrettsanlegg, bibliotek, sentrumsfunksjonar og fjord og fjell. 

Skulen driv aktivt med pedagogisk utviklingsarbeid der vi over tid har hatt fokus på inkluderande læringsmiljø, begynnaropplæring og vurderingspraksis som fremjar læring og utvikling i tråd med intensjonane i fagfornyinga. Dette er utviklingsområde som alle skulane i Sunnfjord arbeider med.

Vi har ledig 100 % fast stilling som assisterande rektor.

 

Vi søker deg som kan vere med å vidareutvikle arbeidet med å skape ein god skule for alle, gje alle elevane eit inkluderande og trygt læringsmiljø og legge til rette for eit godt arbeidsmiljø for tilsette, leie læreplanarbeid og rammeplan for SFO, vere ein pådrivar for profesjonsutvikling og støtte tilsette i det viktige arbeidet med å ruste elevane til å ta del i samfunnet.

Leiinga ved skulen består av rektor og to assisterande rektorar. Stillinga er for tida delt i 60 % leiingsressurs og 40 % undervisning. Vi legg vekt på å fordele oppgåver og leiaransvar ut frå den samla kompetansen i leiinga og med fokus på heilskapleg læring frå 1. til 10. trinn. Stillinga er i utgangspunktet tenkt kopla til ansvar på ungdomstrinnet. Det er utvikla ei leiarplattform for utøving av leiarrolla ved skulen. Denne vil bli tilsendt søkarar som vert kalla inn til intervju.

Oppstart i stillinga er seinast 01.08.2025.

Kvalifikasjonar:

  • godkjent pedagogisk og fagleg kompetanse for undervisning i grunnskulen
  • undervisningserfaring frå grunnskulen
  • relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning vil bli vektlagt
  • personlege eigenskapar som evne til samarbeid, samskaping og dialog blir vektlagt
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • gode IKT-ferdigheiter


Vi tilbyr:

  • godt arbeidsmiljø med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer
  • spanande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • løn etter kvalifikasjonar og god pensjonsordning i SPK

Vitnemål og attestar skal lastast opp søkarbasen. Du må opplyse om referansar i søknaden. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju og referansar vert kontakta.

Politiattest av ny dato må framleggast før tiltreding i stilling.

Du søker elektronisk - velkomen som søkar!

 

  • Company
    Sunnfjord kommune
  • Application deadline
    14.02.2025
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6802, FØRDE
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6044797
  • Look here for other jobs from Sunnfjord kommune