Företag
Rauma kommuneAnsökningstiden
27.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Rauma
RAUMA
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5955140Se här för andra jobb från Rauma kommune
Rauma kommune
Barne- og ungdomsarbeider / assistent
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi ønskjer den beste kollegaen i verda til den viktigaste jobben i verda.
Stilling
Barne- og ungdomsarbeider / assistent i 80% stilling,vikariat frem til 31.07.25 med mulighet for forlengelse i Åfarnes barnehage.
Vi treng ein person som har godt humør, som er fleksibel, Samarbeidsvillig, Ekte og Raus.
Vi treng ein person som SER barn for den dei er og som ønskjer å vera med å laga verdifulle og fine dagar saman med gode kollegaer.
Du må like liv og røre, uteliv og ha evne til å halda hovudet kaldt og hjartet varmt gjennom varierte dagar saman med små menneske.
Kandidatar til stillinga blir fortløpande kontakta og vurdert fram til søknadsfristen går ut.
Arbeidsplassen
Våre kommunale barnehager består av Åfarnes barnehage, Leiktun barnehage i Isfjorden, Myra barnehage på Åndalsnes samt Måndalen barnehage.
Åfarnes barnehage er ein kommunal heildagsbarnehage, med barn i alderen 1 til 6 år. Barnehagen har 1-2 avdelingar. Det er eit utvida samarbeid mellom avdelingane. Barnehagen ligg tett ved Åfarnes skole, kort veg til fotballbane, løpebane og gapahuk. Uteområdet er variert, med ulike leikeapparat og med naturleg kuppert terreng. Barnehagen har skogen som næraste nabo, og rik tilgang på allsidige turmål både i skog og fjøre. Barnehagen har vore i drift sidan 1992. Barnegruppa er fordelt på heiltids- og deltidsplassar.
Vårt motto er Vi ønskjer å få fram det beste i oss alle https://historier.rauma.kommune.no/afarnes-barnehage
Arbeidsoppgåver
- Omsorg og pedagogisk arbeid med barn i den daglege drifta i samarbeid med andre.
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med relevant utdanning, men andre som trivst rundt barn er velkommen til å søkja
- Krav om gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Strukturert og fleksibel
- Gode amarbeidsevne og tek i mot råd og rettleiing
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men er ikkje redd for å spørja når du blir usikker
- Trives likegodt ute som inne og deltek gjerne aktivt i leiken
Vi tilbyr
- Oversiktleg nærmiljøbarnehage med god fagleg kompetanse
- Stabilt personale og godt arbeidsmiljø
- Deltagelse i Regional kompetansearbeid
- Offentleg tenestepensjonsordning
- IA-bedrift
Tilsetting
Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter Hovedtariffavtalen.
Politiattest
Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jf. mf. Barnehageloven § 30, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Søknad
Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller personal@rauma.kommune.no.
Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.
Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Företag
Rauma kommuneAnsökningstiden
27.11.2024Heltid/Deltid
DeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
, Rauma
RAUMA
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5955140Se här för andra jobb från Rauma kommune