Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
01.05.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6171276Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Barnehagestyrar Henjahaugane barnehage
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Frå 01.08.2025 er det ledig stilling som barnehagestyrar i Henjahaugane barnehage på Leikanger
Sogndal kommune eig og driv 10 barnehagar i Sogndal kommune i barnehageåret 2025/26. I tillegg er det 4 private barnehagar i kommunen. Barnehagane i Sogndal har eit tett, godt og lærerikt samarbeid.
Henjahaugane barnehage ligg flott plassert med utsikt over bygda Leikanger i Sogndal Kommune. Barnehagen har tre avdelingar, og i barnehageåret 2024/25 er det 41 barn i Henjahaugane barnehage. Det er 12 tilsette med god kompetanse og stor omsorg for barna. Leiinga består av barnehagestyrar i 100% stilling, og 3 pedagogiske leiarar. For barnehageåra 2025/26 og 2026/27 er Henjahaugane barnehage tildelt eit årsverk utover grunnbemanning. Dette som del av ein pilot i barnehagane i Sogndal.
Uteområdet er romsleg med gode tilhøve for både sommar og vinteraktivitetar. Det er lett tilgjenge til frie naturområde og barnehagen ligg i rimeleg gangavstand til idrettsanlegg og barneskule.
Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert styrar, som er relasjonssterk og inkluderande til å leie og vidareutvikle ein velfungerande barnehage.
Henjahaugane barnehage er ein av tre barnehagar på Leikanger. På Leikanger er det barneskule og ungdomsskule Det er 20 kilometer frå Sogndal sentrum til Leikanger. Det er godt kollektivtilbod mellom Sogndal sentrum og Leikanger.
Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune. Vestland fylkeskommune, Statens Vegvesen, Digitaliseringsdirektoratet, NAV og Statsforvaltaren i Vestland har avdelingar på Leikanger
Oppstart i styrarstillinga er 01.08.2025.
Arbeidsoppgåver:
dagleg fag- og driftsansvar for barnehagen
personalansvar med fokus på nærvær og arbeidsmiljø
vere ein synleg leiar med god gjennomføringsevne
pedagogisk utviklingsarbeid gjennom profesjonsfellesskap og samarbeid
samspel med barn, føresette, tilsette og nærmiljø
ha fokus på barna sitt trygge og gode leike - og barnehagemiljø
budsjett-, personalansvar og oppfølging av tilsette.
Kvalifikasjonskrav:
utdanna barnehagelærar
ynskjeleg med tilleggsutdanning/leiarutdanning for styrarar
ynskjeleg med rettleiingskompetanse
erfaring frå arbeid i barnehage
ynskjeleg med leiarerfaring frå barnehage som styrar eller assisterande styrar
rettleiingskompetanse
kompetanse i bruk av digitale verktøy
eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evna til å sjå teori og praksis i samanheng
god munnlege- og skriftlege norskkunnskapar
Personlege eigenskapar:
god omsorgsevne og relasjonelt mot
evne å begeistre andre og samtidig la seg engasjere av innspela til andre
evne å leie prosessar
strukturert, planmessig og god til å prioritere
gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
lojal til avgjerder og overordna føringar
Me tilbyr:
eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
engasjerte og støttande kollegaer
leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
gode pensjons- og forsikringsvilkår
Politiattest krevst for stillinga
Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som styrar og vidareutviklar av Henjahaugane barnehage
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
01.05.2025Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6171276Se här för andra jobb från Sogndal kommune
-
Barnehagelærar og pedagogisk leiar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Fagarbeidar/assistent
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Tilkallingsvikar barnehagane på Leikanger
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Pedagogstillingar ved Hemsedal barnehagar hausten 2025
Hemsedal Kommune
HEMSEDAL -
Tilkallingsvikar barnehagane i Sogndal
Sogndal kommune
SOGNDAL