Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
23.09.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6376914Se her for andre jobber fra Gol kommune
Gol kommune
Driftsoperatør / Byggdriftar - 100 % vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du erfaring med drift og vedlikehald av bygg, og ønskjer ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver? Vi i Gol kommune søkjer no etter ein kollega i eit 100% vikariat i stilling som driftsoperatørar / byggdriftarar ved avdeling for drift og vedlikehald.
Stillinga er eit vikariat med moglegheit for fast tilsetjing.
Om verksemda
Verksemd eigedom i Gol kommune har ansvar for planlegging, forvaltning, drift og vedlikehald av kommunale bygg og anlegg. Verksemda inneheld:
- Avdeling for drift og vedlikehald
- Avdeling for reinhald
- Prosjekt
Totalt har verksemda 35 tilsette. Du vil verte ein del av eit triveleg fagmiljø med høg kompetanse og eit sterkt engasjement for kvalitet og samfunnsansvar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av kommunale bygg og grøntareal
- Reparasjonar og praktiske oppgåver både inne og ute
- Eigenkontroll og oppdatering i FDV-system
- Vedlikehald av maskinar og utstyr
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan relevant byggfag (t.d. byggdrift, tømrar, røyrleggjar, elektrikar e.l.)
- Utvida relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev
- Erfaring med bruk av FDV-system og digitale verktøy
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B (klasse BE er ønskjeleg)
Vi ønskjer at du:
- har erfaring med FDV system
- tek initiativ og trivst med faglege utfordringar
- arbeider sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- er løysingsorientert, strukturert og fleksibel
- har god evne til å kommunisere og samhandle med ulike menneske
Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Det vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:
- Variert og meiningsfull arbeidshverdag i eit godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling og kompetansebygging
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande tariffavtalar og lovverk
Søknad og politiattest:
- Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
- Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga!
Velkomen som søkjar!
Bedrift
Gol kommuneSøknadsfrist
23.09.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
3550, GOL
GOL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6376914Se her for andre jobber fra Gol kommune