Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
11.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6231252Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Eigedoms- og prosjektutviklar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med å drive fram eigedoms- og prosjektporteføljen i Sogndal?
I Sogndal kommune jobbar det over 1200 tilsette som går på jobb kvar dag for å bidra til gode, aktive og trygge liv for innbyggjarane. Sogndal er ein av få distriktskommunar med vekst, og er spådd å ha dei yngste innbyggjarane i landet i 2050. På same tid må Sogndal, som dei fleste andre kommunar, finne nye måtar å løyse samfunnsoppdraget på for å kunne halde fram med å sikre innbyggjarane sitt beste i framtida.
Sogndal kommune eig ei omfattande eigedomsmasse, frå føremålsbygg som skular, barnhagar og institusjonar til bustadar og andre typar strategisk viktig eigedom. I tillegg vert det årleg gjennomført store investeringar i nye prosjekt og i styrking av eksisterande infrastruktur. Eigedom og prosjekt er organisert som team, som jobbar tverrfagleg med dei oppgåvene som er knytt til dette området.
Me ynskjer no å styrke laget for eigedomsforvaltning og prosjekt, og søkjer etter eigedoms- og prosjektutviklar. Du har kjennskap og erfaring med infrastruktur og eigedom, med eit strategisk blikk for kva som vil tene innbyggjarane i kommunen no og i framtida. Du trivst i samspel med andre, og bryr deg om samfunnsoppdraget i ein kommune og det som er bra for innbyggjarane og brukarane av eigedomane og infrastrukturen vår. Du er god på å finne løysingar saman med andre, både internt og i møte med eksterne. Erfaring med prosjektarbeid og/eller eigedomsforvaltning er ein fordel.
Arbeidsoppgåvene vil variere over tid, og for rolla ligg det til grunn at du jobbar i team saman med andre. Oppgåvene vil krevje ei «utfordrarhaldning», som kort fortalt går ut på å bruke kompetansen til å tenke nytt, og alltid utfordre deg sjølv og dei rundt deg på å utvikle beste praksis for innbyggjarane sitt beste. Sogndal kommune skal levere på samfunnsoppdraget i ei omskifteleg verd, og treng tilsette som evnar å halde fast i samfunnsoppdraget over tid og samstundes endre eigen praksis når det er naudsynt. Personlege eigenskapar vil difor bli tillagt stor vekt i tilsetjingsprosessen.
Nyfiken på kva Sogn har å by på? Sjekk ut Sogn.no!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Kunne dette vore noko for deg? Send oss ein søknad, eller ta kontakt med Joakim Systaddal eller Bente Mossige Ask for meir informasjon.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
11.06.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6231252Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
-
Vil du vere med å bidra til at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Er du den som får folk og kabalar til å gå opp – og har eit hjarte for ungar og fellesskap?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Heimehjelp
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Dagleg leiar
Sogndal kommune
Balestrand -
Barnehagelærar
Sogndal kommune
SOGNDAL