Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
04.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5956242Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
Vestnes kommune
Er DU Vestnes kommune sin nye økonomisjef?
Offentlig forvaltning
Har du eit sterkt engasjement for lokalsamfunnet og ønskjer å vere med på å forme framtida til våre innbyggjarar?
Ansvarsområde
Som kommunalsjef økonomi (økonomisjef) får du ei sentral rolle i kommunen si leiing og elles i kommunen. I eit godt samspel med politikarar, leiarar og tillitsvalde får du moglegheita til å vidareutvikle kommunen og tenestetilbodet til våre innbyggjarar. Du vil saman med resten av toppleiinga til kommunedirektøren spele ei sentral rolle i å skape nye, moderne løysingar i kommunen. Kommunen har mange dyktige medarbeidarar, og vi er stolte av å ha eit godt samspel mellom politikarane og administrasjonen.
Som økonomisjef vil du få ein spanande arbeidskvardag med utfordrande oppgåver. Du vil ha hovudansvaret for økonomien, men vi ønskjer og at du motiverast av å ta ein større del i utviklinga av kommunen og ikkje berre økonomiperspektivet. Difor er det viktig at du evnar å sjå heilskapen, og har god forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og fag.
Kvalifikasjonar
Du har ei høgare utdanning og gjerne økonomisk retta, men lang erfaring frå relevante roller kan kompensere for manglande formalkompetanse. Det er viktig at du har god økonomiforståing, og du er spesielt interessant for oss om du har kunnskap om samfunns- og næringsutvikling, eller kompetanse innan organisasjonsutvikling.
Som person er du framoverlent og har gode mellommenneskelege ferdigheiter. Du synest det er gøy med kulturbygging, og evnar å motivere og få med deg medarbeidarar og kollegaer. Vi ser og føre oss at du har gode kommunikasjonsferdigheiter og er fagleg trygg. Ved tilsetting leggast det vekt på personlege eigenskapar.
Vi kan tilby
Ei spanande stilling med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, og eit triveleg og kompetent arbeidsmiljø. Løn etter avtale.
Kan dette vere anledninga du har venta på?
Ta gjerne kontakt med oss for en uforpliktande, uformell samtale. Dersom du kunne tenkje deg å bli Vestnes kommune sin nye økonomisjef, så send din søknad før søknadsfristen 4. desember. Det er berre søknader som er sendt gjennom vårt elektroniske søknadssystem som blir tekne i betraktning.
Søkjarar må i søknaden grunngje om ein vil være unntatt offentlegheit. Grunngjeving vil bli vurdert jamfør reglane i offentleglova § 25. Om det etter kommunens vurderingar ikkje føreligg ein særskilt grunn, vil søkaren bli offentleggjort. Søkarar vil i tilfelle bli varsla på førehand om dette og får då høve til å trekke søknaden før offentleggjering.
Vestnes kommune er ein inkluderande arbeidslivsorganisasjon som ønskjer mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetting.
Bedrift
Vestnes kommuneSøknadsfrist
04.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltningUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5956242Se her for andre jobber fra Vestnes kommune