• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    27.04.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6165306
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Fagarbeidar/assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Nybø barnehage ligg flott plassert ved Sognefjorden på Leikanger i Sogndal kommune, 20 kilometer frå Sogndal sentrum. Det er gode bussamband mellom Sogndal sentrum og Leikanger. Leikanger er administrasjonssenter i Sogndal kommune.

Me søker med dette etter ein fagleg og engasjert barne- og ungdomsarbeidar / assistent, som er relasjonssterk og inkluderande til ein velfungerande barnehage.

Nybø barnehage har dette barnehageåret 49 barn fordelt på 3 avdelingar. Nybø barnehage har to aldersblanda einingar i Fylkesmannsgarden og ei småbarnseining i Sorenskrivargarden. Begge bygga er flotte bygg frå midten av 1800-talet, med sjel og eit koseleg miljø

Barnehagen ligg fint til i solrike omgjevnadar ved fjorden. Nærleik til flott natur med skog og mark, sentrum, idrettshall og andre funksjonar.

Barnehagen har 15 tilsette med høg kompetanse, og god miks i alder av tilsette. Leiinga består av styrar og assisterande styrar

  • Fagarbeidar/assistent, 100% fast frå 19.mai 2025.

 

Arbeidsoppgåver:

 

  • Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø
  • Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet
  • Personalressurs og drift i barnehagen
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette

 

Kvalifikasjonar:

  • Barne- og ungdomsarbeidar
  • Ufaglærte med relevant praksis kan og søke
  • Gjerne arbeidserfaring frå barnehage
  • Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • Menn vert oppmoda om å søkje

 

Personlege eigenskapar:

  • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
  • Fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar
  • Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa med føresette og kollegaer
  • Likar å arbeida i lag med andre
  • Taklar høgt tempo i kvardagen
  • Fyrstehjelpskompetanse
  • Godt humør
  • Leiken og aktiv

 

Me tilbyr

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Eit pedagogisk miljø med høgt fagleg nivå
  • Engasjerte og støttande kollegaer
  • Leiarstøtte og opplæring i Sogndal kommune sine program og IT-verktøy
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår

 

 

 

Bli med på leikelaget vårt i Sogndalsbarnehagen, og som barnehagelærar og vidareutviklar av Nybø barnehage.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

Politiattest må leggast fram før tilsetjing  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.  

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    27.04.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6165306
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune