• Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    16.04.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6154971
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Ål Kommune

Fagarbeidar/assistent - barnehagane i Ål kommune

Offentlig forvaltning

Ål kommune har 5 kommunale barnehagar av ulik storleik (2 til 6 avdelingar). Vi har no inntil 100% faste og mellombelse stillingar frå august 2025. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på leik og leikbasert læring, praksisnær læring, styrkebasert tankesett, inkluderande praksis og spesialundervisning, og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid.

Visjonen er at «alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Tett og tidleg på og auka læringsutbytte er sentrale mål. Barn og unge i Ål skal oppleve at teknologien blir brukt på ein sunn, trygg og kreativ måte for å lære, skape og utforske. Overgangar er eit område kommunen har arbeidd lenge med for å få til å flyte godt.

Å jobbe i barnehage er ein gjevande, varierande og interessant jobb. Arbeid med barn er meiningsfylt, og nettopp du kan vere med på å gjere ein forskjell for barna. Du vil arbeide saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte pedagogar, fagarbeidarar og assistentar. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.

Kvalifikasjonar:

  • fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar evt anna relevant utdanning/erfaring

Personlege eigenskapar
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi ønskjer deg som søkjar som:

  • trivast i lag med små barn
  • er utadvendt og trygg på deg sjølv
  • er glad i å vere ute i all slags vêr, året rundt
  • har gode samarbeidsevner
  • er fleksibel og løysingsorientert
  • kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Ål kommune nyttar nynorsk som målform.

Vi tilbyr:

  • barnehagar med sterke utviklande og faglege miljø
  • engasjerte tilsette
  • stabil personalgruppe kompetanseheving felles for barnehagane i Ål kommune
  • pensjonsordning KLP
  • lønn etter gjeldande tariffavtale
  • arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala

Politiattest og søknad:

  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.

Velkomen som søkjar!

 

 

  • Företag
    Ål Kommune
  • Ansökningstiden
    16.04.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6154971
  • Se här för andra jobb från Ål Kommune