• Company
    Bergen kommune
  • Application deadline
    20.04.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6158262
  • Look here for other jobs from Bergen kommune
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Bergen kommune

Fagarbeidar /assistent Ytre Arna skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli med oss i team YA?

Vi har ledig inntil to faste stillingar som fagarbeidar i 100% stilling. Stillingane dekker både skuletida og SFO, og er ledig frå 01.08.2025.

Ytre Arna skule er ein barneskule i Arna bydel, og er kun ein kort køyretur unna både Åsane senter og Øyrane torg. Vi har 50 tilsette og om lag 230 elevar, og vi har velkomstklasse for nykomne minoritetsspråklege elevar på 3.-7. steget frå Arna og Åsane. 10 morsmålslærarar har base hos oss, og både tilsette og elevar på YA har eit mangfald av ressursar. Rundt 90 av elevane våre har plass på SFO, som er delt inn i tre grupper.

Skulens visjon er: «Trivsel, tryggleik og læring for alle». Satsing på god læring og arbeid for eit trygt og inkluderande miljø for elevar og tilsette blir sterkt vektlagt i skulen og i SFO. Vi ynskjer å lytte til elevane og møte kvarandre med varme, for å gjere læringsarenaene trygge og skape eit godt og lærande skulemiljø. På YA skal både elevar og tilsette oppleve medverking, motivasjon og mestring.

Hos oss blir du del av eit raust og inkluderande personalet, som er opptatt av å gjere kvarandre gode og å utvikle seg saman i profesjonsfellesskapet.
Skulen sitt leiarteam består av rektor og tre avdelingsleiarar, som har nært samarbeid og tett oppfølging av alle våre tilsette.

SFO si hovedsatsning er «Saman i vennskap, lek og læring». Vi ønsker trygge, varme, kreative og initiativrike medarbeidarar som har gode samarbeidsevner og høg relasjonskompetanse, og legg difor stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.

 

Kvalifikasjoner:

Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Tilsvarande kompetanse blir og vurdert, for eksempel frå høgskule.

Erfaring med arbeid i SFO /skule 

Kompetanse innanfor friluftsliv, idrett, musikk eller forming er ein fordel.

Kompetanse i fleire språk er ein fordel.

God kompetanse i norsk er eit krav.

Gyldig politiattest er eit krav.

Personlige egenskaper:

Du er ein trygg, tydeleg og varm voksen som ser, høyrer og forstår elevane

Du møter alle elever, kollegaer og foreldre med respekt og forståing.

Du har gode samarbeidsevner og liker å jobbe i team.

Du er faglig engasjert, fleksibel og løysningsorientert.

Du er ansvarsbevisst og strukturert.

Du er glad i å være ute.

Du bidrar til å oppretthalde eit godt og humørfylt arbeidsmiljø. 

Vi tilbyr:

Ein profesjonell og engasjert arbeidsgjevar

Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling

Dyktige kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø 

IA-bedrift og gode velferdsordningar

Løn etter gjeldande avtaleverk

 

  • Company
    Bergen kommune
  • Application deadline
    20.04.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5014, BERGEN
    BERGEN
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6158262
  • Look here for other jobs from Bergen kommune