Company
Fjaler kommuneApplication deadline
02.08.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6664985Look here for other jobs from Fjaler kommune
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Fjaler kommune
Fagarbeidar i Våge barnehage, 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Våge barnehage har ledig ei 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar, der delar av arbeidsoppgåvene vil være oppfølging og tilrettelegging for enkeltbarn.
Vi ser etter deg som brenn for pedagogisk arbeid, som er god på å bygge relasjonar til barna og deira føresette og som vil vere med oss på å lage gode kvardagar i barnehagen vår.
Vi ønskjer oss søkjarar som går inn i stillinga med engasjement og initiativ. Høyrest dette ut som deg? I så fall gler vi oss til å få søknaden i frå deg. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga eller vil høyre meir om korleis det er å jobbe i Våge barnehage.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Ynskjeleg med erfaring frå arbeide med barn i barnehage.
- Andre med erfaring frå barnehage kan og søkje og blir vurdert om vi ikkje får søkjarar med fagbrev.
- God norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding.
Personlege eigenskapar
- Har godt samspel med barn og vaksne.
- Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse.
- Kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
- Jobbar løysningsorientert i eit travelt miljø – og held på humøret.
Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga.
- Ein variert og kjekk kvardag.
- Givande kvardag med flotte barn.
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer.
- Løn etter utdanning og ansiennitet.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
02.08.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6664985Look here for other jobs from Fjaler kommune