Company
Øygarden kommuneApplication deadline
17.08.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6671972Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Fast nattevaktstilling 67% som helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om avdelinga
Pollhaugen er eit butiltak med ni personar som bur i eigne bustader. Bebuarane har ulike behov for støtte og helsehjelp og har ulike diagnosar.
Pollhaugen ligg sentralt i Straume-området, med kort avstand til kollektivtransport og kommunedelssenter. Målet vårt er å gje kvar bebuar ein aktiv og meiningsfull kvardag prega av trivsel, sjølvråderett og meistring. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe som består av sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar.
Arbeidsoppgåver- Utføre målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk støtte og helsehjelp
- Dokumentere i fagjournalsystem
- Koordinere og leggje til rette tenester
- Dele ut og handtere medisinar etter gjeldande rutinar
- Arbeide med autismevenleg kommunikasjon og tilnærming
- Ha kjennskap til vedtak om bruk av tvang i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Autorisert helsefagarbeidar. Andre relevante utdanningar kan verte vurderte.
- God kompetanse i arbeid med personar med autisme
- God kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
- Løyve til legemiddelhandtering
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
- Evne til å samarbeide godt og arbeide sjølvstendig
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til nytenking og utvikling av tenesta
- Engasjement for fagfeltet og brukargruppa
- Evne til å byggje gode relasjonar
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.
Anna- Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
- Nattevaktene er på 10 timar
- Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
- Fredrik Degerman, avdelingsleiar Pollhaugen
Mobil: 488 60 948 - Kristin Straume, einingsleiar MMNF
Mobil: 997 99 526
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
17.08.2026Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Straume
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6671972Look here for other jobs from Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar 18 -20 % fast stilling , helg
Øygarden kommune
Ågotnes -
Faste helgestillingar ledige
Øygarden kommune
STRAUME -
Miljøterapeut 80 % fast stilling, dagavdeling/bufellesskap
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar 100% fast stilling - Straume bu- og servicesenter
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeidar 75% fast – Natt
Øygarden kommune
Skogsvåg