Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
22.04.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6118736Se här för andra jobb från Sula kommune
- Uppdaterad 12.04.2025
Sula kommune
Fastlegevikar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi søkjer deg som har lyst å prøve deg som fastlege, Vi kan tilby eit trygt og godt arbeidsmiljø, der det er godt å være.
Kommunen har eit ledig vikariat for perioden 22.04.2025 - 01.09.2025. Listetak på 700, men den er ikkje full.
Kommunelegekontoret har i dag 10 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontoret har fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling, slik at både pasientar og medarbeidarar skal trivast.
Driftsforma er basert på næringsdrift som hovudmodell der legen betaler leige til kommunen for lokaler, utstyr og personell m.m. Fastlegar med driftsavtale får utbetalt basistilskotet og betalar husleige til kommunen berekna etter listetal (8.2-avtale). Ingen av legane har ansvar for generell drift og personalansvar, det er det kommunen som tar seg av. For vikariatet vil ein kunne tilby fastlønnsavtale.
Kommunelegekontoret har hatt stabil legedekning i lang tid, og det har jevnlig blitt oppretta nye avtalar. Gjennomsnittleg listelengde er ca 900. Fastlegane samarbeidar godt og bistår kvarandre med faglege vurderingar av pasientar.
Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir informasjon
Kvalifikasjoner:
Søkjar må ha norsk autorisasjon
LIS1, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent
Fagleg oppdatert på relevant kunnskap
Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftlig
Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil
Personlige egenskaper:
Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
Du er fleksibel, engasjert og motivert for jobben
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne.
Vi tilbyr:
Kommunen er registrert utdanningsverksemd for ALIS
Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, LIS3
Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
Heimekontorordning i samsvar med lokal avtale
Godt samarbeid mellom fastlegane og administrasjonen i kommunen.
Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling
Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen.
Gratis parkering
Företag
Sula kommuneAnsökningstiden
22.04.2025Heltid/Deltid
HeltidAnställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6030, LANGEVÅG
SULA
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6118736Se här för andra jobb från Sula kommune
- Uppdaterad 12.04.2025