Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
25.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5958599Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Gruppeleiar Natt-tenesta
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer etter ein fagleg engasjert gruppeleiar for natt-tenesta i Kvam. Stillinga er i 100 % stilling, der 60 % er leiar for natt-tenesta og 40 % er knytt til fagleg utviklingsarbeid. Som gruppeleiar vil du ha eit tett samarbeid med dei andre leiarane i pleie og omsorg.
Natt-tenesta gjev tenester til pasientar og brukarar i heildøgnsomsorg, i heimetenesta og til menneske med utviklingshemming. Gruppa jobbar fleksibelt og samarbeider på tvers av dei ulike gruppene. Natt-tenesta er organisert i tenester til heimebuande.
Arbeidsoppgåver
- Administrative oppgåver, drift- og utvikling innan personal og økonomi
- Driva og delta aktivt i kontinuerleg forbetringsarbeid og endringsarbeid
- Fagleg rettleiing til personalgruppa
- Bemanning- og arbeidstidsplanlegging
Kvalifikasjonar
- Min 3- års relevant høgskuleutdanning innan helse eller sosialfag
- Leiarutdanning eller leiarerfaring
- Stillinga høver for deg som ønskjer utviklingsoppgåver, som er løysingsorientert og kan handtera ulike utfordringar på ein fleksibel måte
- Du må kunne leiar etter vedtekne mål og rammer for tenesta
- Me ønskjer ein leiar som kan kommunisera tydelege forventningar, gje tilbakemeldingar og legge til rette for utvikling gjennom å involvera og gje ansvar til medarbeidarane
Personlege eigenskapar
Me ynskjer deg som:
- Har stor arbeidskapasitet, gode samarbeidsevne og viser engasjement og fleksibilitet
- Kan jobba sjølvstendig og i team
- Har eit støttande, relasjonsorientert og tillitsbasert leiarskap
Vi tilbyr
- Varierte, lærerike og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit tverrfagleg, nyskapande og løysingsorientert arbeidsmiljø
- Løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn.
Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
25.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5958599Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
-
Sjukepleiar
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Helsefagarbeidar
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Sjukeheimslege
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Driftsoperatør VA
Kvam Herad i Brønnøysund
NORHEIMSUND -
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL