Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
25.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5958606Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
Kvam Herad i Brønnøysund
Sjukepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me treng sjukepleiar på demensavdelinga
Me søkjer sjukepleiar til ledig 100 % vikariat. Vikariatet har oppstart frå snarast, og t.o.m. 30.11.2025. Det kan verta aktuelt med forlenging.
Stillinga er for tida i turnus med arbeid i vekedagar og på helg.
- Toloheimen demensavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert i Norheimsund
- Me arbeidar for at dei som bur i avdelinga skal ha ein trygg heim og ein verdig alderdom, med kompetente tilsette som har pasienten i fokus
- Dei tilsette hos oss er opptatt av god kommunikasjon med brukarane og me søkjer difor etter deg med gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar
Som tilsett hos oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
- Medisinske prosedyrar
- Koordinering av pleieplanar
- Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Fagutvikling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid på demensavdeling blir dette lagt vekt på
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Du må kunne arbeida sjølvstendig
- Ha gode samarbeidsevner
- Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må difor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet geriatri og demens
- Roleg og positiv
- Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein arbeidstad i utvikling
- Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
- Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
- Gode pensjons-/ og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
25.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
VikariatBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5958606Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund