• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    23.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6048941
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Heimehjelp

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me har ledig stilling som heimehjelp og søker deg som ynskjer å bli del av vårt team i heimetenesta på Leikanger.  

Sogndal kommune er kjent for sin storslåtte natur og Leikanger ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på utallige moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her finnes noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg.

Heimetenesta held til i lokaler som ligg i tilknyting til sjukeheimen, samane med legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon. Me bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

 

Leikanger heimeteneste i Sogndal kommune,  har ledig fylgjande stilling:

  • 50% fast stilling som heimehjelp på dagtid frå 01.03.25.

  

Arbeidsoppgåver:

  • Reinhold i brukars heim utifrå vedtak
  • Hjelpe til med andre oppgåver som handling, tilsyn og andre heimesjukepleieoppgåver.
  • Dokumentasjon i journal

  

Kvalifikasjoner:

  • Krav om førarkort kl.B og må disponere eigen bil.
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Må vere over 18 år
  • Erfaring frå liknande arbeid.

  

Personlege eigenskapar:

  • Gode evner til sjølvstendig arbeid og lagarbeid.
  • Godt humør og evne til å møte pasientar og kollegaer på ein god måte.
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse.
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    23.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Leikanger
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6048941
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune