Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
05.11.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6440558Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Kalhagen bufellesskap
HelgestillingarOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du jobba hos oss?
Me har ledige helgestillingar i Kalhagen bufellesskap. Stillingane er faste og ledige frå snarast.
Me hjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på jobb og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team, etter prinsippa om målretta miljøarbeid og beste effektive omsorgsnivå.
Ta kontakt så får du høyra meir om helgestilling hos oss!
Arbeidsoppgåver
- oppfølging av hjelpe- og omsorgsbehov
- dagleg miljøarbeid i bustaden
- delta på samlingar og aktivitetar inne og ute
- samarbeid med aktuelle i støtteapparatet
Kvalifikasjonar
Me søkjer deg som:
- har utdanning innan helse eller barn/ungdom, men ufaglærte er også velkomen til å søkja
- har kompetanse og arbeidserfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
- er i god fysisk form og har interesse for ulike aktivitetar
- er over 18 år
- førarkort klasse B
- meistrar norsk muntleg og skriftleg
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.
Personlege eigenskapar
Me legg vekt på personlege eigenskapar som:
- kan engasjera, tenkja kreativt og jobba målretta med utfordringar
- er fleksibel og løysingsorientert
- kan arbeida sjølvstendig og har stort engasjement for målgruppa
- gode evner til kommunikasjon med bebuarar, pårørande og kollegaer
Vi tilbyr
- spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- god opplæring i eit profesjonelt fagmiljø
- løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
- gode offentlege pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
05.11.2025Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6440558Se her for andre jobber fra Kvam Herad
-
Kvam Heimeteneste
Kvam Herad
NORHEIMSUND -
Tilkallingsvikar Leikanger sjukeheim og heimeteneste
Sogndal kommune
Leikanger -
Rocket-Man søkjer aktivitetsguidar
Sogndal kommune
Sogndal -
Tilkallingsvikar Balestrand helsetun og heimeteneste
Sogndal kommune
Balestrand -
Vikariat som pedagog
Sogndal kommune
Kaupanger