Ledigt jobb

Øygarden kommune

Helsefagarbeidar 100% fast

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenester til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Vi er ein flott og tverrfagleg  samansett personalgruppe beståande av vernepleiar, sjukepleiar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar.

Årsturnus ligg i dag med ordinære vakter og arbeid kvar 3 helg. Moglegheit for neste års turnus med langvakter 12,5 timar kvar 4 helg.

Arbeidsoppgåver:
  • Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
  • Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
  • Primær/sekundærkontakt - oppgåver
  • Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar:  Må ha:
  • Fagbrev innan helsefagleg vidaregåande opplæring.
Ønskjeleg med:
  • Erfaring med liknande arbeid.
  • Sertifikat klasse B.
Personlege eigenskapar:
  • Trygg
  • Løysingsorientert
  • Fleksibel
  • Strukturert

Personleg eignaheit blir vektlagt

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • IA-bedrift
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:

Avd.leiar

Daniel Savic Røed. Tlf: 48 99 18 64. Epost: Daniel.Roed@oygarden.kommune.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.