• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    10.06.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6233149
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 29.05.2025
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Helsefagarbeidarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å forme framtidas eldreomsorg, og er oppteken av heilskapleg omsorg? Då ønsker vi å få deg som kollega ved Førde omsorgssenter!

Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Vi har 3 avdelingar, lagtid, skjerma og korttid. Totalt 71 pasientar og 71 årsvark. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i fokus. 

Vi har ledig:
  • 2 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar

Vi søker deg som ønsker å jobbe på ei spennande og lærerik arbeidsstad, i lag med ein gjeng kjekke kollegaer. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna til å søke. Du vil garantert lære mykje av å jobbe her.

Vi ser etter deg som:
  • norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig
  • kan arbeide på tvers av avdelingar
  • likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Det er krav til B2 kompetanse i norsk.

Personlege eigenskapar:
  • positiv og engasjert med interesse og kompetanse i alderssomatikk
  • fokus på personsentrert omsorg i di utøving av faget
  • løysingsorientert med stor gjennomføringsevne og arbeidskapasitet
  • god på samarbeid og det å gjere andre gode

Personlege eigenskapar vert vektlagt. 

Vi tilbyr:
  • systematisk fagleg utvikling med tilbod om interne og eksterne kurs
  • spennande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • tverrfagleg samarbeid
  • valgfri turnus, langvakter eller ordiner todelt eller tredelt turnus
  • god opplæring og oppfølging
  • lønn med rekrutteringstilskot
  • gode pensjons- og forsikringsvilkår

Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.

Håpar dette verkar interessant, vi ser fram til å høyre frå deg!

Alle søkarar kjem på offentlig søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakast offentligheit i tekstfeltet til søknaden. 

 

 

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    10.06.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6233149
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 29.05.2025