Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
01.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5949329Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Kontaktperson
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Sunnfjord barnevern har per i dag 27,3 stillingsheimlar. Vi har valt å etablere team for å løyse dei kompliserte og samansette oppgåvene som barnevernet har. Vi har såleis eit undersøkingsteam som avklarar meldingane og gjennomfører undersøkingane. Vi har eit oppfølgingsteam som følgjer opp dei familiane som får hjelpetiltak i heimen. Vi har eit omsorgsteam som følgjer opp plasserte born og deira familiar i fosterheimar og institusjonar. Og vi har eit familieteam som har som mål å utvikle gode tiltaksforløp for å skape positiv endring i familiane.
Vi er opptatt av fagleg kvalitet i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning. Innan 2030, skal 80% av alle tilsette i barnevernet ha masterkompetanse. Det blir difor sannsynlegvis nødvendig å tilby tilsette utdanning med løn for å innfri dette kravet i tida framover.
Vi har ledig:- 2x100 % fast
Generelle arbeidsoppgåver for kontaktpersonane i undersøkings-, oppfølgings- og omsorgsteam
- følgje opp barnet og vurdere barnet og familien sitt behov
- samarbeide med barn, ungdom og familiar
- koordinere og samarbeide med andre instansar
- utarbeide og følgje opp planar og tiltak
- sakshandsame i tråd med gjeldande lovkrav
- møte i tingrett og barnevern- og helsenemnda som kommunen sin part i eigne saker
- samarbeide med andre team i tenesta og med andre tenester
- barnevernpedagog eller sosionom, men andre relevante høgskuleutdanningar kan vere aktuelle. Relevant arbeidserfaring vil då vere ei viktig tilleggsvurdering
- inkludering og mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre betre. Difor ser vi også etter medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaringar og kjønnsmangfald – og som representerer alternative minoritets- og kulturperspektiv.
- du må ha sertifikat klasse B
Dersom du har mastergrad i barnevern, vil du bli plassert i hovudtariffavtalen kap. 4. i stilling med krav om mastergrad.
Personlege eigenskapar:- evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- evne til å handtere uavklarte situasjonar og samtidig kunne jobbe målretta og systematisk
- vise fleksibilitet, kreativitet og samarbeidsevne
- vere positiv og tolmodig i samarbeid med familiar som er i ein vanskeleg situasjon, slik at ein ikkje påfører unødige bekymringar eller belastningar på barnet eller familien
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kunne handtere periodar med stor aktivitet og tilhøyrande fristar
- rettleiing frå teamleiar
- teammøte kvar veke med felles saksrettleiing og avklaringar
- fagutvikling og etterutdanning
- rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20.000,-
- pensjonsordning i KLP
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
01.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
5949329Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
-
Kontaktperson 100% fast
Øygarden kommune
STRAUME -
Barne- og ungdomsarbeider ved Giske skule og SFO
Giske Kommune
GISKE -
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Reinhaldar
Ål Kommune
ÅL -
Sjukepleiar / paramedic - Ål legekontor / Hallingdal legevaktsentral
Ål Kommune
ÅL