Ledig stilling

Hemsedal Kommune

Koordinator for integrering og inkludering av flyktningar

Offentlig forvaltning

Vi har ledig ei 30% midlertidig prosjektstilling (2 år) som koordinator for integrering og inkludering av flyktningar.

Det vil i løpet av prosjektperioden vurderast om stillinga skal utvidast med ytterlegare to år, men stillinga vil ikkje bli oppretta i det heile dersom den ikkje blir  vedteken politisk i budsjetthandsaminga i desember 2025. 

Om stillinga 
Hemsedal kommune har vedteke ein ny handlingsplan for integrering og inkludering av flyktningar for perioden 2025–2028. I samband med dette søkjer vi ein engasjert og strukturert medarbeidar til ei stilling som koordinator for integrering og inkludering. Stillinga skal bidra til heilskapleg oppfølging av flyktningar og sikre god samhandling mellom tenester og aktørar. 

Arbeidsoppgåver 

  • Koordinere og følge opp tiltak i handlingsplanen for integrering og inkludering 
  • Vere bindeledd mellom integreringstenesta, NAV, skule, barnehage, helse, kultur og frivillige 
  • Kartlegge behovet for flyktningeguider og gjera ordninga operativ 
  • Bidra til utvikling av praksisplassar og arbeidsinkludering i kommunen 
  • Legge til rette for deltaking i fritidsaktivitetar og frivillig arbeid 
  • Sikre at Fritidserklæringa blir etablert 
  • Følge opp budsjettarbeid og rapporteringar på området  
  • Rapportere til kommunalsjef  
  • Skrive notat/saker til politisk behandling på tema 

Kvalifikasjonar 

  • Assistent, fagarbeidar eller bachelornivå
  • God lokalkunnskap  
  • Erfaring frå arbeid med integrering, flyktningar eller anna frivillig arbeid 
  • God kjennskap til offentleg forvaltning og kommunale tenester 
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagd.

Vi tilbyr 

  • Ein meiningsfull jobb med stor samfunnsverdi 
  • Eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø 
  • Moglegheit til å påverke og utvikle integreringsarbeidet i Hemsedal 
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk 

Krav til helse- og vandelsdokumentasjon 
Ved de fleste stellingar innan Oppvekst og kultur er det krav om politiattest og eigenmelding om Tuberkulose jf. Opplæringslova og Helse- og omsorgstenestelova. Du kan og bli pålagt å ta tuberkulose prøve om du har vært utsett for smitterisiko. 

Krav til kompetansedokumentasjon 
Det er krav om dokumentasjon og vitnemål frå tidlegare arbeidserfaring og utdanning for riktig innplassering i stillingskode, og fastsetting av lønn. Lønnsansiennitet blir satt til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert. 
Vitnemål og attester skal lastas opp som en del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.  

Kontaktperson
Camilla Hille, Kommunalsjef Oppvekst og kultur, 977 57 207, camilla.hille@hemsedal.kommune.no