Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
17.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5475399Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 06.12.2023
Sogndal kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer etter dyktig klasseleiar som samla skal dekka dei fleste faga i grunnskulen. Til stillinga ligg kontaktlæraransvar for elevar.
Trudvang skule søkjer etter lærar i vikariat frå 19.01.24-31.07.24. Stillinga er i utgangspunktet 80%, men endeleg stillingsstorleik kan avtalast nærmare før tilsetjing.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegge og leie elevane si læring, individuelt og i team
- Medverke i skulen sitt profesjonsfellesskap
- Sette skulen sitt utviklingsarbeid ut i praksis
- Arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt samarbeid med elevane sin heim
Kvalifikasjonar
Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetting som lærar i grunnskulen og ynskje om gode digitale ferdigheiter.
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Som lærar på Trudvang skule ser vi etter deg som har:
- evne til å skape sterke relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer.
- gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ.
- evne til samskaping og bidra inn i profesjonsfellesskapet.
- empati og evna til å sjå heile mennesket.
- kreativitet og fleksibilitet til å skape motivasjon hjå elevane.
Me tilbyr
Som lærar på Trudvang skule kan du vente deg:
- ein spanande jobb i skular med innbydande nærmiljø som opnar opp for praktisk og variert undervisning.
- eit godt fagleg fellesskap i og utanfor klasserommet.
- spanande og krevjande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende.
- systematisk oppfølging av nytilsette og nyutdanna.
- gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- gode pensjons- og forsikringsordningar og velferdsordningar
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
17.12.2024Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5475399Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
- Oppdatert 06.12.2023