Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
25.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6053791Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
Sogndal kommune
Lærar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Trudvang skule er ein 1-5 skule med 3 og 4 parallellar på kvart trinn og 400 elevar fordelt på 17 klassar. Det er omlag 70 tilsette på skulen og i SFO. Skulen ligg sentralt i Sogndal sentrum. Trudvang skule har aukande elevtal årleg. Arbeidet med ny Trudvang skule har starta opp, og ny skule vil stå klar i 2027/2028, då som barneskule med alle elevane frå trinn 1 til 7. Leiinga ved skulen vil dei næraste åra ha fokus både på dagleg drift og etableringa av den nye skulen. Trudvang er ein føregangsskule når det gjeld å nytte miljørettleiarar i skule og SFO, og har i dag ei breitt samansett personalgruppe. SFO-drifta er sentrert rundt ein fellesbase med tilhøyrande aktivitetsrom.
Me har no desse ledige stillingane ved skulen vår :
- Lærarstillingar, faste og årsvikariat
Arbeidsoppgåver:
- Ynskje om kontaktlærarteneste
- Undervisning i flest mogleg fag på barnetrinnet
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeid i profesjonsfellesskapet
- Systematisk arbeid med grunnleggande ferdigheiter, tverrfagleg arbeid og elevane sitt læringsmiljø
- Systematisk oppfylging av elevane si læring og utvikling
- Tett og godt skule- heim-samarbeid
- Aktiv deltaking i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
Kvalifikasjonar:
- Lærar som kan jobbe på stega 1-5
Ved Trudvang skule tilbyr me:
- Ein spanande jobb i eit godt og triveleg arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar.
Utlysinga gjeld og for andre lærarstillingar som eventuelt vert ledige for skuleåret 2025-2026.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Bedrift
Sogndal kommuneSøknadsfrist
25.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6053791Se her for andre jobber fra Sogndal kommune