• Företag
    Bergen kommune
  • Ansökningstiden
    16.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5260, INDRE ARNA
    BERGEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6610081
  • Se här för andra jobb från Bergen kommune
Ledigt jobb

Bergen kommune

Lærarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skulen har ca. 450 elevar fordelt på 8., 9. og 10.trinn. I januar 2026 flytta vi inn i ny skule  med 3 heimeområde per trinn. Skular med heimeområde treng lærarar som kan samarbeide tett om undervisninga , er fleksible og utviklingsorientert. I tillegg har skulen ei nyoppretta forsterka avdeling (STOLT).

Garnes ungdomsskule ligg fint til på Garnes, 8 minutt med buss frå Arna stasjon. Det er god kommunikasjon til og frå Garnes på dagtid.
Vi har eit triveleg arbeidsmiljø og eit nærmiljø med moglegheit for varierte aktivitetar. Skulen arbeider for eit trygt og godt læringsmiljø. Skulen sin visjon er "læring og trivsel for alle". Vi arbeider etter PALS-modellen. Vi har satsing på tilpassa undervisning i ein inkluderande skule. Det er ønskeleg med lærarar som legg opp til at elevane er aktive i eiga opplæring. Skulen er praksisskule for Høgskulen på Vestlandet. Det blir forventa at tilsette lærarar kan vere praksislærarar.

Garnes ungdomsskule har ledig:

* 1 fast stilling i 100 % med norsk og spansk.

* 3 årsvikariater  i 100 % skuleåret 2026-2027. Av desse er 1 vikariat med norsk og kroppsøving, 1 vikariat med norsk og kunst og håndverk og 1 vikariat med norsk og kroppsøving eller kunst og handverk.

*1 vikariat i 100 %  frå skulestart  til 1.april 2027 som må dekke faga engelsk og kroppsøving.

Garnes ungdomsskule har nynorsk som hovudmål i opplæringa. Lærarar må meistre både bokmål og nynorsk skriftleg.

I faga norsk, matematikk  og engelsk er det krav om 60 studiepoeng, i dei resterande faga er det krav om 30 studiepoeng.

Alle som vert tilsett må kunne vere kontaktlærar. Vi ønskjer lærarar med utdanning innan  spesialpedagogikk kombinert med anna kompetanse som er beskrive i utlysninga. 

Kvalifikasjoner:

  • Tydelig og trygg vaksen, har kunnskap om lærings- og klasseleiing.
  • Ansvarsbevisst og strukturert.
  • Endringsvillig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, liker å jobbe i team.
  • Gyldig politiattest.
  • Godkjent lærarutdanning for å jobbe i norsk skule.
  • Må kunne formulere seg særs godt både munnleg og skriftleg på bokmål og nynorsk.

Personlige egenskaper:

  • Sjøvstendig og løysingsorientert.
  • Lærlingsvillig, positiv og fleksibel.
  • Kunne skape og utvikle gode relasjonar til elevar, kollega og føresette.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Kunne stå i ein hektisk kvardag.

Vi tilbyr:

  • Ein skule i utvikling og endring.
  • Fagleg og personleg utvikling.
  • Samarbeid og støtte av lærarar og avdelingsleiar.
  • Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø.
  • Ein spannende, hektisk og utfordrande kvardag.
  • Lønn etter kvalifikasjoner og etter avtaleverk.
 

  • Företag
    Bergen kommune
  • Ansökningstiden
    16.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5260, INDRE ARNA
    BERGEN
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6610081
  • Se här för andra jobb från Bergen kommune