Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
17.08.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6671968Se här för andra jobb från Fjaler kommune
Fjaler kommune
Merkantil koordinator i HAFS Barnevernteneste
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med og leggje til rette for gode tenester til barn, unge og familiar?
HAFS barnevernteneste har ledig eit 100 % vikariat som merkantil koordinator. Vi ser etter deg som likar å skape struktur, koordinere oppgåver og vere ein viktig støtte for både leiing og tilsette.
Som merkantil koordinator har du ei nøkkelrolle i den daglege drifta. Gjennom administrasjon, dokumentforvaltning, økonomi og koordinering bidreg du til gode arbeidsprosessar, slik at fagtilsette kan konsentrere seg om oppfølging av barn, unge og familiar.
HAFS barnevernteneste er ei teneste i utvikling, organisert under helse og omsorg, der samarbeid, kvalitet og fagleg utvikling står sentralt. Vi ønskjer medarbeidarar som vil vere med å utvikle gode tenester for barn, unge og familiar.
Du vil mellom anna arbeide med:
- vere administrativ støtte for leiing og tilsette
- koordinere administrative oppgåver og sikre gode arbeidsprosessar
- behandle innsynsbegjæringar
- journalføre og dokumentere i fagsystem
- følgje opp økonomi og fakturabehandling
- planleggje møte, reiser og annan praktisk logistikk
- gi administrativ rådgiving og støtte i ulike prosessar
- samarbeide med ulike faggrupper og einingar
- bidra til utvikling og forbetring av rutinar, prosedyrar og arbeidsprosessar
Krav
- treårig høgare utdanning innan økonomi og administrasjon, helse- og sosialfag eller pedagogikk
- Søkjarar med anna relevant utdanning eller erfaring kan og bli vurderte.
- gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- gode digitale ferdigheiter
- førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har
- grunnleggande engelskkunnskapar
- erfaring frå offentleg forvaltning eller administrasjon
- erfaring med sak- og arkivsystem eller økonomisystem
Den som vert tilsett må leggje fram godkjend politiattest.
Vi ser etter deg som tek ansvar, arbeider strukturert og trivst i ein variert arbeidskvardag. Du samarbeider godt med andre, kommuniserer tydeleg og møter både kollegaer og samarbeidspartnarar på ein serviceorientert og profesjonell måte. Du er fleksibel, løysingsorientert og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Hos oss får du:
- ein variert og meiningsfull arbeidskvardag
- høve til fagleg utvikling og kompetanseheving
- eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
- rettleiing og god oppfølging
- løn etter tariff og gode pensjons- og forsikringsordningar
- moglegheit til å påverke utviklinga av tenesta
Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget. Velkomen som søkjar!
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje ligg føre særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden før søkjarlista vert gjort offentleg.
Företag
Fjaler kommuneAnsökningstiden
17.08.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6671968Se här för andra jobb från Fjaler kommune
-
Musikkterapeut 100% vikariat - Øygarden kulturskule
Øygarden kommune
STRAUME -
Innsatsteam i heimetenesta søkjer avansert klinisk allmennsjukepleiar
Øygarden kommune
STRAUME -
Einingsleiar
Aukra kommune
AUKRA -
Helsefagarbeidar 75% fast – Natt
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar 80-100% fast
Øygarden kommune
Skogsvåg