• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    04.05.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6172182
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Ledigt jobb

Sogndal kommune

Miljøterapeut i tiltak

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Det vil bli ledig fylgjande stilling:
inntil 2 stillingar i inntil 100 % vikariat for skuleåret 25/26 med moglegheit for fast stilling. Størsteparten av stillinga vil vere knytt til tiltaket i eigen base, men deler av stillinga kan bli knytt til miljøretteleiar i klasserom.


Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga 28.juli.

Arbeidsgjevar tek atterhald om at det kan kome fleire stillingar/vikariat i utlysingsperioden som òg kan bli handsama med same søkjargruppe. 

Arbeidsoppgåver:

Desse stillingane er knytt opp til eit einskildtiltak på skulen, og du vil arbeide i eit mindre team med rulleringsordning.
Arbeidsoppgåvene vil variere etter behovet i tiltaket, og blir utarbeidd i tett dialog med foreldre, dei andre tilsette i teamet og med rettleiing frå eksterne.  
Du skal mellom anna:

  • Skape meiningsfylte dagar for einskildelevar ved skulen.
  • Tilretteleggje for deltaking i daglege aktivitetar
  • Handtere utfordrande åtferd på ein profesjonell og omsorgsfull måte
  • Samarbeid med og utføre miljøterapeutiske tiltak saman med øvrig personale
  • Rettleie og støtte eleven i sosiale ferdigheiter og ADL ferdigheiter
  • Utarbeide og følgje opp individuelle planar
  • Bidra til eit godt skule og arbeidsmiljø
  • Syte føre at det skjer god samhandling med PP- tenesta, andre samarbeidspartar og delta i samarbeidsmøte knytt til eleven    
  • Arbeide for eit godt skule- heim samarbeid til eleven sitt beste  
  • Gi eleven sosial trening og eigenmeistring
  • SFO arbeid må påreknast

 

Kvalifikasjonar:

  • Me søkjer primært etter personar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar/miljøterapeut, høvesvis vernepleiar eller anna helsepersonell, men høgskuleutdanning er ikkje eit krav.

Personar med fagbrev som helsefagarbeidar eller barne og ungdomsarbeidar er også velkomne til å søke.

  • Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming, autisme og utfordrande åtferd vil vere ein fordel.
  • Kompetanse innanfor spesialpedagogikk.
  • Me har ønskje om å ha personale med ulik bakgrunn og kompetanse som har erfaring rundt elevtiltak knytt til sosiale vanskar, utfordrande åtferd og andre relevante problemstillingar.
  • Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. 

Personlege eigenskapar:

  • Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt. Vi ser etter personar som tek initiativ, har eit heilskapleg og positivt elevsyn, er roleg i møte med krevjande utfordringar og evnar å arbeide i eit team.

 

Me tilbyr:

Som miljørettleiar på Kvåle skule kan du vente deg:  

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • gode velferdsordningar
  • løn etter gjeldande avtaleverk

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

 

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    04.05.2025
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6172182
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune