• Företag
    Vestnes kommune
  • Ansökningstiden
    04.08.2025
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6248410
  • Se här för andra jobb från Vestnes kommune
  • Uppdaterad 07.06.2025
Ledigt jobb

Vestnes kommune

Miljøveileder 100 % mellombels stilling

Offentlig forvaltning

Har du lyst til å bidra til tryggare og betre skulemiljø?

Vi søkjer ein engasjert og kompetent miljøveileder som vil ha ei viktig rolle i eit nyoppretta skulemiljøteam i kommunen. Stillinga er del av eit prosjekt finansiert gjennom tilskotsmidlar til skulemiljøarbeid i kommunar. Stillinga er mellombels, og knytt til tilskotsperioden på tre år. Miljøveilederen vil ha arbeidsstad ved PPT-kontoret, med leiar for PPT som næraste leiar.

Arbeidsområde

Miljøveilederen vil vere ein sentral ressurs i skulemiljøteamet og vil arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med skuleleiing, PPT og andre relevante tenester. Miljøveilederen vil bistå skulane direkte i skulemiljøsaker, men hovudfokuset er å utvikle og implementere langsiktige system for trygge og gode skulemiljø, som inkluderer å utvikle felles rutinar, malar, og evidensbaserte tiltak. 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller tilsvarande sosialfagleg utdanning.
  • Erfaring frå arbeid med psykososialt miljø og skulemiljøarbeid.
  • Kompetanse i førebygging av mobbing, krenkingar og utrygge skulemiljø.
  • Kjennskap til opplæringslova kapittel 12 og barnets beste-vurderingar.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil

Personlege eigenskapar

  • Du er initiativrik, trygg og god til å skape relasjonar.
  • Du har evne til å arbeide systematisk og målretta.
  • Du er fleksibel og løysingsorientert.
  • Du har eit godt humør og evne til å motivere andre.

Vi tilbyr

  • Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit fagleg utviklande miljø.
  • Moglegheit til å påverke skulemiljøarbeidet i kommunen.
  • Løn etter gjeldande avtaleverk.
  • Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.

Tilsettingsvilkår

Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Politiattest må framleggjast ved tilsetjing, denne ska ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Send søknad via elektronisk søknadsportal. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

  • Företag
    Vestnes kommune
  • Ansökningstiden
    04.08.2025
  • Anställningsform
    Engagemang
  • Bransch
    Offentlig forvaltning
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6248410
  • Se här för andra jobb från Vestnes kommune
  • Uppdaterad 07.06.2025