• Company
    Sula kommune
  • Application deadline
    03.08.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6037, EIDSNES
    SULA
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6303347
  • Look here for other jobs from Sula kommune
Vacancy

Sula kommune

Pedagogiske leiarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunde barnehage har ledig 2 stillingar som pedagogisk leiar frå 1.8.2025:
1 - 100% fast stilling
1 - 100% vikariat frå 1.8.2025 – 23.12.2025 på småbarnsavdeling (Det kan bli moglegheit på forlenging eller fast på ein av dei kommunale barnehagene i 2026.)

Sunde er ein kommunal barnehage med to avdelingar; 0-3 år og 3-6 år. Den ligg sørvendt til i Solevågen i Sula kommune, ca 8 minutt kjøring frå Moa. Barnehagen har ein friluftsprofil, og bruker det unike nærområdet vårt til turar i fjøra, i skogen, på fjellet og til Sundsmyra mykje.

Visjonen vår er: Med omsorg for framtida.
Verdigrunnlaget vårt er:
Alle i Sunde Barnehage skal kvar dag ha kjensle av å vere viktige og å bli sett. Vi bygger gode relasjonar og møter barnehagedagen med omsorg, refleksjon og faglegheit.

Du kan også lese meir om Sunde barnehage på Sula Kommune si heimeside, under oppvekst og utdanning

 

Kvalifikasjoner:

Godkjent førskule/barnehagelærarutdanning eller anna 3-årig relevant høgskuleutdanning.
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftlig.
Kunne bruke og vise interesse for digitale verktøy i arbeidet.
Stabilitet og tilstedeværelse vil bli vektlagt.
Det vert teke omsyn til samansetninga i personalgruppa.
Attestar og vitnemål skal leverast først ved eit evt. intervju.
Politiattest av nyare dato må framleggast ved tilsetting.

Personlige egenskaper:

Du er fleksibel og løysingsorientert.
Du tek medansvar for eigen og andre sin trivsel, og likar å arbeide i team.
Du liker å vere mykje ute og er glad i friluftsaktivitetar
Du er ein aktiv deltakar i leik og læring saman med barn og vaksne.
Du er positiv til internasjonalt samarbeid.
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Du er ein positiv bidragsyter i utviklings- og endringsarbeid.
Du kan arbeide og fungere både ved småbarns- og/eller storbarnsavdeling, alt etter barnehagen sine behov.

Vi tilbyr:

Kompetente kollega med fokus på kvalitet, endring og utvikling.
Spennande samarbeid i Sula Kommune med mellom anna fokus på læringsreisa til barna og utviklingsarbeid som omhandla språk.
Godt og inkluderande arbeidsmiljø med høg trivsel.
Løn etter gjeldande tariff.
God offentleg tenestepensjon i KLP. Frå løna vert det trekt 2% innskot til pensjonsordning.
Gode forsikringsvilkår.  

  • Company
    Sula kommune
  • Application deadline
    03.08.2025
  • Fulltime/Parttime
    Fulltime
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6037, EIDSNES
    SULA
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6303347
  • Look here for other jobs from Sula kommune