Ledigt jobb

Øygarden kommune

Rådgjevar 100% fast – Jobbsjansen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om avdelinga:

Vil du være ein del av eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å  gjere forskjell i menneske sine liv?

NAV Øygarden er ein spanande og utviklande arbeidsplass med om lag 80 tilsette fordelt på fire avdelingar. Vi held til i eit  moderne lokale sentralt på Straume.

Jobbsjansen er eit veletablert prosjekt finansiert av midlar frå IMDI. Prosjektet har som mål å  gje bistand til  innvandrarkvinner med særleg behov for kvalifisering og rettleiing for å komme inn i arbeidsmarknaden. Prosjektet har over fleire år levert gode resultat. Kommunen har for 2026 fått  innvilga fleirårig støtte til prosjektet i perioden 2026-2027.

Prosjektet skal kontinuerleg følge opp 24 deltakar. I prosjektet skal det jobbast systematisk  for å utvikle individuelt tilpassa programinnhald og tiltak som gjer best mogleg resultat slik at fleire innvandrarkvinner kjem i arbeid og utdanning

Arbeidsoppgåver:
  • Rettleia og støtta deltakarane i jobbsøkarprosessen
  • Planleggja og gjennomføra gruppetiltak og workshopar for arbeidssøkjarar
  • Rettleia deltakarane i tema knytt til arbeidslivet, som å skriva CV, førebu intervju og byggja nettverk
  • Samarbeida med lokale bedrifter, organisasjonar og offentlege etatar for å skapa arbeidsmoglegheiter for deltakarane
  • Bidra til å utvikla og forbetra tiltaka i Jobbsjansen
  • Dokumentera og rapportera aktivitetar og resultat
Kvalifikasjonar:Må ha:
  •  Relevant høgskule eller universitetsutdanning på minimum bachelornivå til dømes innan samfunnsfag eller pedagogikk
  • Erfaring frå arbeid med minoritetsspråklege
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevne
Ønskjeleg med:
  • Erfaring frå prosjektleiing
  • Erfaring frå arbeidsretta oppføging
  • Erfaring frå tverrfagleg samarbeid
Eigenskapar:
  • Evne til å setja deltakarane i fokus
  • Gode samarbeidsevner
  • God evne til å leia seg sjølv
  • Resultatorientert – med fokus på kvalitet i tenesta
  • Tek initiativ og trivst med nytenking og utvikling
Anna:

Andre oppgåver kan påreknast

Vi tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Interessante utfordringar
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt

Fungerande avdelingsleiar Ingvild Bakke  tlf 93 08 32 72  mail: Ingvild.angell.bakke@nav.no

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.