• Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    13.04.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6570822
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune
Ledigt jobb

Aukra kommune

Rektor/ Einingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Stillinga som rektor er ledig frå 1. august 2026. Julsundet skole ligg på fastlandsdelen av Aukra kommune, ca. 10 minutt med bil frå Molde sentrum. Skolen har om lag 230 elevar og 60 tilsette. Aukraskolen prioriterer utviklingsarbeid mellom anna gjennom satsing på eit godt læringsmiljø.

Vi søker ein inkluderande og utviklingsorientert skoleleiar med pedagogisk utdanning og erfaring, og helst også formell kompetanse og erfaring i leiing og/eller skoleleiing. Du har stor arbeidskapasitet, og di arbeidsform er systematisk og strukturert.

Vi ønskjer ein rektor som er inspirerande, engasjert, initiativrik og har godt humør. Personlege eigenskapar vert vektlagde.

For oss er det viktig at du er ein inkluderande og utviklingsorientert leiar, som er tydeleg og samarbeidsorientert, med evne til å inspirere og stille krav til dei tilsette. Som leiar er du synleg og tydeleg, og legg til rette for samskaping og gode prosessar. Du må ha gode kommunikasjonsevner, samt evne til å ta avgjersler. Du har høge ambisjonar for elevane, dei tilsette og skolen. Du kan bruke nynorsk som målform.

Rektor er ein del av kommunedirektøren si leiargruppe.

Vi har forventningar til at du

  • vidareutviklar eit godt, trygt og inkluderande læringsmiljø
  • er pådrivar for godt samspel med elevar, foreldre, tillitsvalde og nærmiljø
  • bidreg til samhandling på tvers av einingane i kommunen
  • er god på økonomistyring
  • skaper eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Ein utviklande og spennande jobb på ein skole med dyktige medarbeidarar
  • Ei leiargruppe som vil ta vel imot deg, og gje deg plass
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest.

Prøvetid

Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader.

Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følgje.

Søknad sendast

Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad" innan søknadsfristen 13.april.

Kontakt
Kommunalsjef oppvekst og kultur, Jan Erik Hovdenak, tlf. 924 14 627

 

  • Företag
    Aukra kommune
  • Ansökningstiden
    13.04.2026
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6570822
  • Se här för andra jobb från Aukra kommune