Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Ågotnes
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6570857Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
To stillingar som sjukepleiar 100%
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du ein varm og kompetent sjukepleiar som ønskjer å skape tryggleik, meistring og ein meiningsfull kvardag for eldre med demens? Då har vi på Kvednatunet to ledige faste stillingar på heiltid.
Vi i Øygarden kommune arbeidar aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert, effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester.
Om avdelinga:
Kvednatunet er ein omsorgsbustad med heildøgns tenester for personar med demens diagnose. Huset består av 40 husvære fordelt på 4 bufellesskap. Her er det tverrfaglege i fokus, med lege 3 dagar i veka, sjukepleiar, helsefagarbeidarar, aktivitør - og musikkterapeut med fleire for å prøve dekke bebuarane sine behov.
Vi er lokalisert på Ågotnes om lag 10 min frå Straume, og det er gratis parkering for tilsette.
Arbeidsoppgåver:
- Heilheitleg sjukepleiefagleg ansvar for brukarane
- Observasjon, vurdering og oppfølging av helse- og sjukdomstilstand
- Legemiddelhandtering
- Tverrfagleg samarbeid med pårørande, lege og andre faggrupper
- Bidra aktivt i fagutvikling og kvalitetsarbeid
- Sikre trygg og personsentrert omsorg i tråd med beste praksis
Kvalifikasjonar:
- Må ha: Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Gjerne erfaring frå demensomsorg eller eldreomsorg
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å skape trygge relasjonar
- Fagleg engasjement og interesse for utvikling
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du møter menneske med varme, tolmod og respekt
- Du er løysingsorientert og handlingssterk
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du tek initiativ og viser fagleg ansvar
Anna:
Vi har årsplan og mogelegheit for langvakter.
Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
- Gratis parkering
- Mentor for nytilsette
Kontakt:
Avdelingsleiar Beate Lønningen telefon : 91673031
Avdelingsleiar Bodil Janne Giil Telefon :916 73 032
Einingsleiar Ingrid-Alice Ingebrigtsen : 97537243
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
05.04.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
, Ågotnes
ØYGARDEN
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
6570857Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Aktivitør/miljøarbeidar 100% fast
Øygarden kommune
Ågotnes -
Brannkonstabel deltid fast Dalsneset stasjon/Ågotnes stasjon
Øygarden kommune
STRAUME -
2 faste stillingar som miløarbeidar
Øygarden kommune
Rong -
Kulturskulelærar 20 % fast stilling
Øygarden kommune
STRAUME -
Brannkonstabel 100% fast dagtid
Øygarden kommune
STRAUME