Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
10.12.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5300, KLEPPESTØ
ASKØY
Antall stillinger
1karriere-kode
6472482Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fjord1 ASA
Vil du bli vår nye skipsførar?
Ferger
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan hurtigbåttransport, sentralt i Bergen!
Fjord1 er ein leiande pionér i det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtibåttransport. No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombygde fartøy og eitt nybygg som skal trafikkere Askøyruta frå Kleppestø, og Nordhordalandsruta frå Knarvik, til Strandkaien i Bergen sentrum.
Vi søkjer no ein skipsførar som ønskjer å bli ein del av besetninga på sambandet Kleppestø-Strandkaien (Askøyruta), på våre nye elektriske fartøy.
Skiftordning: 12 dagar på og 16 dagar av.
- Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag.
- Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag.
Du kan reise heim etter endt vakt og i helga, vi tilbyr hybelordning i arbeidsperioden.
Her får du ein trygg arbeidsplass, gode kollegaer og ein fleksibel turnus som gir rom for balanse mellom arbeid og fritid.
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Kvalifikasjoner:
- Minimum D4 sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Kvalifikasjonsbevis for navigatør på hurtiggåande fartøy
- Min 6 mnd fartstid som navigatør på hurtiggåande fartøy
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlige egenskaper:
Vi søkjer etter deg som er ein dyktig skipsførar med solid hurtigbåtkompetanse og inngåande kjennskap til maritime lover. Du utviser sterke leiareigenskapar og kan ta raske beslutningar i krevjande situasjonar, og har gode kommunikasjonsevner.Vi tilbyr:
- Lønn etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Variert og spanande arbeid: Du vil arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel vaktordning: 12 dagar på og 16 dagar av. Veke 1 av arbeidsperioden: måndag-laurdag. Veke 2 av arbeidsperioden: måndag-fredag.
- Hybelordning ved Kleppestø kai i arbeidsperioden.
- Attraktive velferdsordningar; firmahytter, leiligheiter, behandlingsforsikring, treningstøtte og gode rabattordnigar.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande og dyktige kollegaer.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
10.12.2025Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5300, KLEPPESTØ
ASKØY
Antall stillinger
1karriere-kode
6472482Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA